Laurdag skipa friidrettsgruppa til Kvinnheradmeisterskap på Husnes stadion. I fjor var det 35 deltakarar, men i år var vi oppe i heile 59! Og heile 50 av desse var frå Trio, medan også Uskedal IL, Rosendal TL og Ternen IL var representert. Vedlagt er resultater.

I Kvinnheradmeisterskapen er det deltakarmedalje til alle i klassane 10 år og yngre. Frå 11 år og eldre er det premiering til 1., 2. og 3. plass. Deltakinga er klårt størst i dei yngste klassane, og frå 13 år og opp var det berre ein deltakar i kvar klasse. Her har vi litt å jobbe med for å få større deltaking på sikt. Men totalt sett vart det det største Kvinnheradmeisterskapet vi har hatt på stadion sidan den vart bygd om, og koronalista viser at det var om lag like mange tilskodarar som deltakarar. Kjekt med mykje folk på friidrett! :)

Tett duell mellom Ellinor Thomas Isaac (15) og Solfrid Bleie Ulvestadbakken (13) på 60 meter.

Amund Hella Berge-Soldal (13) var suveren på 400 meter.

Lita frøken kastar liten ball.

Køa til lengdegropa nytta høvet til å heie på dei som sprang 60 meter medan dei venta på tur.


10-11-årsjentene i jamn duell på 60 meter.

11-12-årsgutane gjev det dei har på 60-meteren.

Eitt av mange 60-meterheat for dei minste.

Ein fin dag for friidrett på Husnes stadion (om enn noko kald…)