Stor kamp av Håkon Georg, som fekk kapteinsbindet på slutten.

G16: Trio3-Stord2 7-2. 16-årsgjengen tok ein solid heimesiger mot stordabuane torsdag kveld. Aggresivt spel og mykje ballvinning høgt i banen gav resultater. Første halvtimen var veldig bra, og ikkje minst Vegar, som storspelte på vingen. Han sto for første målet på eiga hand då han vann ballen 30 meter frå mål og på karakteristisk vis knapt nok var nedpå kunstgraset då han storma gjennom og plasserte ballen kontrollert i hjørnet. Herleg med utteljing for ein som i mange kampar har hatt marginane mot seg, og det skulle vise seg å gje blod på tann.

Stord hadde ei offensiv målvakt som var god med ball i beina og ofte langt ute og plukka gjennomspel frå oss. Så også etter kvarteret, men då gjekk klareringa i beina til Andri, som frå nær 40 meter lempa ballen presist i det tomme buret. Ti minutt seinare var det Abel sin tur til å snappe ballen, springe gjennom og plassere sindig i nota. I buret var Harsvik’en i perlehumør og varta opp med ei kalasredning, då ein stordabu brått sto åleine på femmeteren etter corner. I staden la Vegar på til 4-0 etter fikst kombinasjonsspel med Abel. Siste ti minutta slurva vi meir og sparte på krefter og returløp. Det betalte seg i ei redusering for bortelaget rett før pause.

I opningsminutta av andre omgang kom ei ny redusering, då Håkon var noko brutal i feltet og kampens stødige dommar Saghaug nådelaust peika på straffemerket. Men vi brukte ikkje mange minutta på å roe nervene med å auke til 5-2. Elias scora sikkert, etter at Abdi hadde vunne ballen på 20 meter og spelt han fri. Elias har ikkje trent veldig mykje i vinter og har ein del å gå på med kondisen, men samstundes har han evnen til høg intensitet og ta seg godt ut. Det betalte seg i to nye mål, ein på chip over keeper og det andre med hovudet etter presis corner frå ex-keeper Harsvik. I tillegg hadde han også to skot i aluminiumen, så han var som vanleg ei munnfull for mykje for motstandaren sine stopparar.

Elles sto mange fram i dag. Flott innsats og stadig meir ro til å spele ball. I tillegg til ein stor kamp av Vegar, var det ekstra kjekt å sjå Håkon spele sin beste kamp nokon gong. Han sto også heile kampen og fekk sågar kapteinsbindet siste kvarteret. Prisen for det var dugeleg med krampe i leggane etter mange løp opp og ned for høgrebacken, pluss at han måtte ta draktsettet med heim for vask. Ny kamp på måndag, då borte mot Rosendal. På gras i Uskedalen, det blir stas!

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G16 Trio3-Stord2 7-2 (4-1)
1-0 (13 minutt) Vegar Seljelid Joleik
2-0 (15 minutt) Andri Sigthorsson
3-0 (23 minutt) Abel Hayelom
4-0 (27 minutt) Vegar Seljelid Joleik
4-1 (39 minutt)
4-2 (44 minutt)
5-2 (47 minutt) Elias Ulbi
6-2 (54 minutt) Elias Ulbi
7-2 (81 minutt) Elias Ulbi
Trio sitt lag: Brage Ripel Harsvik – Håkon Georg Røssland, Andre Nordøy, Brage Kvandal, Joar Haugland Langeland – William Heggøy, Abdisalan Zekeriye, Andri Sigthorsson – Vegar Seljelid Joleik, Abel Hayelom, Gunnar Eikemo Steine – Michael Løland, Fredrik Ekeland Saghaug, Michael Løland.