G16: Trio1-Fitjar 4-1.
Seriesesongen nærmar seg slutten for G16. Etter laurdagens dyst mot Fitjar for Trio 1, står berre bortekamp mot nettopp Fitjar att, for Trio 2. Vi blir stadig fleire gjennom sesongen og er no oppe i totalt 20 spelarar i stallen, etter at Jonas H sesongdebut i siste kamp. Totalt har 4 gutar gjort come back gjennom sesongen, kjekt :)

Vi starta kampen veldig bra og skaffe oss eit solid overtak. Abdul kom rundt på kant og dribla seg inn og avslutta med eit hardt skot på keeper. Returen klarte Abel å setje over frå usle fem meters hald. Men han skulle få si oppreising rett etter, då det var Emil sin tur til å runde på venstresida. Innlegg framom tomt mål og det var Abel på plass, 1-0.

Og det var ved å kome rundt på kantane vi kunne skape mest i dag. Vi har ein tendens til å vera litt utålmodige og spele for upresise gjennomspel i midten, som ofte blir fanga av gode stopparar eller keeper. Men dei gongene vi heva presisjonen og vinkla gjennomspela ut mot sidene, fekk Fitjar trøbbel. Som då Daniel storma gjennom på høgre, og keeper måtte varte opp med ei ny praktredning. Daniel hadde også assist til Tristan, som chippa elegant inn 2-0 etter halvtimen. Det vart pauseresultatet.

Fokus midtvegs på å få ballen meir ned på bakken, og å heve presisjonen og vera noko meir tålmodig når sjansane bydde seg offensivt. I periodar klarte vi det, i andre periodar gløymde vi oss ut att. 3-0 kom uansett på gjenvinning, der Emil på arrogant lobba ballen inn frå 30 meters hald. Det ser så forbaska lett ut.
Fitjar reduserte på straffe rett etter, då ei av våre andre svakheiter kom til syne. Vi skal på daud og liv takle. Takle gjer ein kun når ein må, elles er forsvararen best når han held seg på beina, skjermar og har kontroll. Dermed var det ei viss spaning i kampen heilt til på overtid, då vi kontra og Emil sendte Jan gjennom. Keeper redda skotet, men kunne ikkje stoppe Abdul sin retur. Dermed 4-1 og topp stemning.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G16: Trio1-Fitjar 4-1.
1-0 (11 minutt) Abel Hayelom
2-0 (31 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
3-0 (53 minutt) Emil Haugan Solheim
3-1 (56 minutt) straffe
4-1 (80 minutt) Abdulqadir Abdiazizi Mohamed
Trio sitt lag: Bendik Aarthun, Eirik Sørstrømmen, Brage Kvandal, Johannes Eide Myklebust, Noah Tharaldsen Smith, Andri Sigthorsson, Sondre Eikenes, Emil Haugan Solheim, Abdulqadir Abdiazizi Mohamed, Abel Hayelom, Daniel Morstad, Jan Uglehus, André Nordøy, Emil Haugan Solheim, Tristan Thorkildsen Thorsen, Jonas Helland.