Ein god kamp av damelaget mot eitt av dei betre laga i serien. Smørås hadde scora over 4 mål pr kamp i dei 8 første heimekampane i årets sesong, men i dag kom dei til få sjansar. Eitt tverrliggjarskot før pause, før det i staden var Trio som fortent nok tok leiinga ved Julie. For Trio var hakket betre i første omgang.

Etter pause datt vi litt meir bakpå og Smørås utlikna midt i omgangen, som elles var ganske sjansefattig i begge endar, og bar preg av mange frispark, innkast og oppstykka spel.

Dermed står det berre att ein kamp av sesongen, og det er borte mot Stord neste helg.

Kampfakta frå Slåtthaug kunstgress
5.divisjon damer: Smørås-Trio 1-1 (0-1)

0-1 (34 minutt) Julie Ersland
1-1 (65 minutt)
Ingen kort.
Trio sitt lag: Erna Mikkelsen, Cecilie Håvik, Selma Kvalheim, Elisabeth Hansen Eide, Mariel Madsgård, Christine Solheim Fjelland, Sofia Televik, Aria Haugsdal, Christine Madsgård, Julie Ersland, Emma Heggøy, Mia Høydal, Madel Grønstøl Gausvik, Malin Saug.