Onsdag arrangerte Trio friidrett seriestemne på Husnes stadion. Berre 31 deltakarar grunna kollisjon med kulturskule og ymse sommaravslutningar. Men god stemning, stor iver og gode prestasjonar. Ikkje minst i lengdegropa, der dei eldste hadde tresteg på agendaen. Både Ådne og Alexandra leverte landets tredje beste hopp i sin klasse.

Ådne Opsanger-Tveit imponerte veldig og det er vanskeleg å forstå kvifor han sjølv ikkje er meir begeistra for tresteg. For det har han gode føresetnadar for og samtlige hopp over 10 meter vart krona med 10,91 som det lengste. Det er tredje lengst i landet i klasse gutar 15 år, i følge friidrettsforbundet sin årsstatistikk. Det var også Alexandra Tveit Rosendahl sitt 9,44 i J14-klassen (biletet over).

Elles vart det konkurrert i diskos, liten ball, lengde, 40 meter, 80 meter, 100 meter og 400 meter, etter kva årsklasse ein høyrde til. Vedlagt er resultatlista.

Råsterk tresteghopping av Ådne Opsanger-Tveit.
3.-4.klassegruppa vår markerte avslutning på vårsesongen etter stemnet. Det vart både is og medalje. Framme frå venstre Vegard Bjelland Røssland, Frøya Flatøy Kjerpeset, Åsne Rolland Seglem, Bianca Vendzelis. Bak Tuva B. Johansen, Sverre Nistad og stemnets isutleverings- ansvarleg Vegard Sæverud Jensen. Lars Hallvard Røssland var ikkje med denne gongen.
Dei litt yngre hoppa lengde.
FInt driv på 100 meter for 13-15 år.
Eivind og Dagfinn prøver å organisere 40 meter-heat, etter at nokre har fått nyss i at det vankar is på slutten av stemnet.
5.-6.klassegruppa markerte avslutning på vårsesongen dagen før med ein runde i den nye hinderløypa til KVV.