Innandørssesongen i friidrett er godt i gong og i helga hadde Trio to utøvar med på eitt av dei største stemna for vinteren. Gneist er Hordalands største idrettslag og det var heile 560 deltakarar på start då dei skipa til Pingvinlekene i Leikvanghallen i Bergen. Ådne Opsanger-Tveit og Alexandra Tveit Rosendahl beit godt i frå seg i ei handfull øvingar kvar.

Ådne persa i både lengde og høgde i helga. Det vart sølv i begge øvingar, etter 5,29 i lengde (betring av pers med 7 cm) og 1,60 meter i høgde (3 cm betring). Ny pers vart det også på 200 meter med 27,75, det heldt til 8.plass. I tillegg vart han nr 6 med 8,57 på 60 meter, samt 5.plass på 60 meter hekk med 9,81. Det er over sekundet betre enn tidlegare pers, men normalt er det 80 meter som er korthekk-distansen for 14-15-åringar.

Alexandra dreg heim med 3 gullmedaljar, samt 1 sølv og 2 bronse. Beste prestasjonen var nok 10,61 på 60 meter hekk. Ho knuste persen på distansen under Nornalekene for 2 veker sidan og forbetra den med nye 5 hundredelar i dag. Overlegen siger også på 600 meter med 1.51,04. I høgde var ho utan konkurranse og presterte ikkje opp mot sitt beste (1,25). Ho tok bronse på 200 meter med 29,64, og så vart det sølv i lengde med 4,53 og 3.plass på 60 meter med 9,00.