I dag gjekk Haugesund halvmaraton av stabelen og her var Trio representert med folk som leverte sterke resultater. Nest raskast av totalt 173 deltakarar var Erlend Nymark Jensen, som representerer BFG Bergen Løpeklubb. Han klokka inn på 1.18.19, akkurat same tid som han vann løpet på for to år sidan. Men i år knappe halvanna minutt bak haugesundaren som var aller raskast.

På tredje beste tid i kvinneklassen (og 30.beste totalt) finn vi Bente Hellevik, som sette ein solid pers med 1.32.18. Suverent best i sin årsklasse med eit veldig jamnt og godt disponert løp, med 4.20 på kilometeren heile vegen. Holmfridur Adalsteinsdottir måtte bryte knappe midtvegs, medan Trude Sundsteigen og Hildegunn Håland måtte melde pass pga sjukdom og skade. Dei kjem sterkare att i Karmøy maraton i november.

I herreklassen sprang Terje Røssland Nes på 1.33.51, to sekund før vetlebror Bjarte, som er frå Odda. Gunnar Vaage fekk 1.37.53 og Tor Harald Bringedal sette også ein imponerande pers med å snike seg akkurat under 1.40 (for å vera eksakt: 1.39.58).
Trio gratulerer med sterke prestasjonar.