Kenneth Blom har vore på nye triathlon-tokt, denne gongen i “World Triathlon Championships Finals” i Torremolinos i sørlege Spania. Tidlegare i veka vart han nr 15 på sprintdistansen i sin klasse Menn 60-64 år med tida 1t 17,53 min. Han hadde berre knappe minuttet opp til 10.plassen blant 110 deltakarar. Særleg var dei ca 1000 metrane med svømming hardt, men også 5 km med løping i sterk sol og varme.

I dag var det så den doble distansen, eller den olympiske distansen, om ein vil. Kenneth var sliten og dette er i lengste laget for han, men like fullt endte han på ein sterk 20.plass av 125 deltakarar i klassen, på tida 2t 28,53 min. Også i dag steikande sol og varme så dei avsluttande 10 km løping var beinharde. Uansett sterkt resultat av Kenneth, beste nordmann i klassen var han også.

Så tek vi også med at Trio var representert på Bergen Marathon i dag. Holmfridur Adalssteinsdottir ladar opp til Bislett 24-timars i november, så eit marathon er for sprint å rekne for ho. Ho sprang dei 42,2 km på suverene 3 timar og 6 minutt og var 25 minutt før neste kvinnelege deltakar. Berre 15 menn var før ho i mål også.