I helga var det Åsaneløpet, som er på 10 km. Her var Hildegunn Håland tredje best av alle kvinner med sterke 45,03, og det var suveren siger i hennar klasse (K55-59 år). Holmfridur Adalsteinsdottir måtte diverre bryte med ein kjenning i foten. Med berre 2 veker til 6-timarsløp austafor, er det best å ikkje ta sjansar. På herresida leverte Alexis Sandvik kom under 40-grensa med 39.38,6 og det var 7.beste tid i klasse M23-34 år.

Tidlegare i veka deltok fleire av våre på Hydroløpet på Karmøy. Det er på 5 km, og her har vi notert følgjande tider: Holmfridur Adalsteinsdottir 18.54, Kenneth Blom 19.38, Hildegunn Håland 21.08, Terje Røssland Nes 21.18 og Tor Harald Bringedal 22.14.

Helga for 2 veker sidan var det ein heil bøling med kvinnheringar som deltok i ulike distansar i Bergen City Marathon, som tidlegerare nemnt i Kvinnheringen.

Frida med pokal som beste kvinne i Hydroløpet.