I dag deltok Kenneth Blom (til høgre på biletet) på Coastman NM i langdistanse triathlon i Øygarden utanfor Bergen. Svømming 1900 meter i skjerma omgjevnadar på Tjeldstø hamn, omtalte arrangøren det til på førehand, men det viste seg å vera vanskelege forhold med bølger og strøm. Sterk nordavind i Øygarden skal ein ikkje kimse av. Ei tøff 90 km sykkelløype, som vart brukt under VM. Syklinga skilte kraftig og var nok det som avgjorde mest, sjølv om 21 km løp til slutt også er hardbart.

Kenneth melder seg særs nøgd med bronsemedalje. Han var 3,5 minutt bak bronsen etter svømminga og såg midtvegs i syklinga at sølvplassen var utanfor rekkevidde. Så då kontrollerte han inn til medalje gjennom ei inspirerande mil med joggesko på beina.

Samstundes har Gunnar Vaage reist sørover og delteke i Stavanger Marathon. Han let veldig vel over tida 3.38.11, etter å ha passert midtvegs på 1.48. I mål hadde han 57.beste tid av alle menn, og var best av dei i klasse 60-64 år. Etter rapportane ei tung og krevjande løype. Ny profil av året og mykje på grusveg. Fin oppladning til Karmøy marathon seinare i haust, melder ein alltid blid Gunnar.

Vi gratulerer både Kenneth og Gunnar med gode prestasjonar.