Sterk Triodeltaking på Hove Tri
I dag gjekk NM 2023 i Triathlon av stabelen på Hove i Arendal. Trioutøvarane Kenneth Blom og Tor Harald Bringedal var blant 85 menn på startstreken på normaldistansen.
Kenneth var suveren i sin klasse, M60, og kom inn 14 minutt før andremann, og 2 minutt raskare enn eiga tid frå i fjor. Tida 2:26:19, fordelt på 30 minutt på svømmeetappen (1600 meter, då var han oppe på 29.plass i feltet!), 66 minutt på 39 km sykling og 47 minutt på den 10 km lange løpsetappen.
Tor Harald kom inn på tida 3.02.22, som gav 9.plass i klasse M55. Han brukte 43 minutt på svømmedelen, 74 minutt på syklinga og 58 minutt på løpsetappen.
Neste helg er det NM langdistanse under Ironman 70.3 i Sandnes.
Tek med at Gunnar Vaage i går deltok i Alstahaug maraton ved Sandnessjøen i Nordland. Han vart nr 2 i klasse menn 65-69 år med tida 4.25.23, i fantastisk natur, kan maraton-ringreven melde.