I helga er det i Arendal det skjer, den årvisse Hove Tri går av stabelen. Trio stilte her med to deltakarar. Håvard Bremerthun Pedersen (biletet) gjorde sin triathlon-debut med ein flott bronsemedalje, medan Kenneth Blom tok sølv i sin klasse.

Håvard er ein allsidig kar frå både ski og sykkel, og 263 A-kampar i fotball, og i helga debuterte han altså i triathlon. Han deltok på kortdistansen som er 500 meter svøm, 21 km sykling og 5 km løp. Det gjorde han unna på 1 time og 15 minutt (1.15,07), noko som gav tredjeplass, under to minutt bak bestemann. Han låg på 9.plass etter svømminga (13,5 minutt), hadde teke seg opp til 3.plass etter å ha brukt vel 37 minutt på syklinga og sikra bronsen med god margin etter å ha brukt knappe 25 minutt på 5 km løp.

Kenneth Blom tok sølv i klassen M60 på NM-distansen, som er 1600 meter svøm, 39 km sykling og 10 km løp (normaldistanse i Triathlon-samanhang). Det gjorde han unna på 2 timar og 27,37 minutt. Han var 3 minutt bak vinnaren og hadde over 5 minutt ned til nestemann på lista. Kenneth er ein sterk svømmar og var allereie på sølvplass etter å ha brukt 32 minutt i vatnet. Syklinga vart gjort unna på 67 minutt og med 48 minutt på 10 km løp, så hadde han teke inn nesten halvparten av forspranget til vinnaren. Dermed ein sterk sølvmedalje i NM. Gratulerer til begge to! :)