Sterk start på friidrettssesongen
Sist helg gjekk Nornalekene av stabelen innandørs i Bergen, og frå IL Trio deltok Ådne Opsanger-Tveit og Alexandra Tveit Rosendahl. Det endte med både medaljar og personlege rekordar.
Ådne tok gull på 60 meter hekk i klassen for gutar 17 år med tida 9,51. Det er kortare distanse enn han brukar springe utandørs, og faktisk neste halvanna sekund betre enn pers frå over 3 år sidan. Så vart han nr 7 på 200 meter med tida 27,60, som er vel halvsekundet bak persen (utandørs).
Alexandra vann 60 meter i klasse jenter 16 år med tida 8,51, som er nesten 3 tidelar betre enn den gamle persen. I høgde vart det sølv med 1,54, noko som er 2 cm over pers, og følgjeleg også ei forbetring av seniorrekorden i Trio. I lengde vart det så sølv med 4,98. Sølv også på 60 meter hekk med 9,74, noko som er betring av pers med eit halvsekund.
Neste helg er det nye moglegheiter i Pingvinlekene i Bergen, som IL Gneist arrangerer.