Sprek friidrettshelg
Mange flotte Trio-prestasjonar denne helga, både i EM i Triathlon, Oslo marathon og flyplassmila på Stord. Her er resultater.
Kenneth Blom har EM i sprintdistanse som hovudmål for årets triathlonsatsing. I Vichy i Frankrike var det over 50 deltakarar i klasse 60-64 år, og Kenneth tok først 5.plass på sprintdistansen laurdag. 750 meter svømming, 20 km sykkel og 5 km løp. Med tida 1.06.51 var han halvanna minutt i frå medalje. Han var på 10.plass etter svømminga, før ein kjekk og teknisk sykkelløype tok han 4 plassar nedover. Men han passerte mange på løpinga og vart altså nr 5 totalt.
I dag var det så olympisk distanse, som er 1,5 km svømming, 40 km sykling og 10 km løp. Her endte Kenneth på 14.plass, noko støl i kroppen etter gårdagens innsats. 27.38 på svømmedistansen, før han også i dag tapte ein del terreng i ei tøff 43 km lang sykkelløype med heile 900 meter stigning. 1.19.22 på syklinga før han også i dag klatra ein del med 43.28 på 10 km løp på vått og sørpete føre.
Også i Oslo var det folkefest med det årvisse Oslo marathon. Trio sine deltakarar her:
Marathon: Njål Tvedt (M45-49 år): 3.32.04
Marathon: Veronika Nielsen (K40-44 år): 4.05.05
Halvmarathon: Eirik Fykse (M24-34 år): 1.36.23
Halvmarathon: Eilif Myklebust (M45-49 år): 2.03.54
10 km: Kjetil Tvedt (M50-54 år): 44.14
Og på Stord vart den populære Flyplassmila arrangert på Sørstokken i Sagvågen. Ein paddeflat 10 km på flystripa og våre deltakarar var:
Holmfridur Adalsteinsdottir (K45-49 år): 39.19,1
Hildegunn Håland (K55-59 år): 43,18,3
Trude Sundsteigen (K45-49 år): 46.50,7
Tor Harald Bringedal (M55-59 år): 48.17,8