Det var duka for ein spanande siste kamp i Valeparken denne søndagen. Trio G13-1 som skulle møte Fitjar, låg 2 poeng bak serieleiar Odda som skulle møta tøff motstand borte mot Stord 2. Med seier i Valeparken og tapte poeng for Odda, så var det mogleg å vinne pulja for Valegjengen.
Med eit strålande vær, relativt full tribune og open kiosk, så var det meste på plass for ein flott kamp.
Me hadde store planar om å gå ut i hundre, noko som har vore ei suksessoppskrift denne hausten. Og det gjorde gutane til gangs. Me jobba knallhardt og la ingenting i mellom i duellane mot eit Fitjarlag som var godt fysisk underlegne våre gutar, så det var relativt fortent då Sondre pirka inn 1-0 etter litt klabb og babb i feltet. Nokre minuttar seinare vart same mann skubba ned i feltet og dagens dommar, Hallvar Saghaug peika på straffemerket. Brage var iskald og satte straffen kontant oppunder tverrliggaren til Fitjarkeeperen. 2-0!
Etter dette gjorde kom Fitjar litt meir inn i kampen og kom til nokre småsjansar, før dei etter mykje vas inne i vårt målfelt, fekk pirka ballen såvidt over streken til 2-1.
Like etter kom dagens høgdepunkt, Eirik spela gjennom broder Sondre som kjempa seg fri frå forsvararen sin, aleine med keeper lobba han ballen nydeleg over og inn i mål til 3-1. Rett og slett vakkert!
2 omgang starta me sameleis som fyrste, med tøffe og tette duellar. Etter 10 minutt vann Tristan ballen på midtbanen, runda eit par forsvarar og satte ballen iskaldt mellom beina på keeper til 4-1.
Utover omgangen så dabba tempoet litt og me kontrollerte resten av kampen relativt bra. Nokre småsjansar til begge lag, men i vår ende så rydda forsvar og keeper Andreas opp med nokre flotte involveringar.
I siste speleminutt kom Eirik seg fri på høgrekanten og satte ballen flott i mål via stolpen og fastsatte sluttresultatet til 5-1.

Då var det berre og venta i spenning på resultatet frå Stord2-Odda. Eg trur MinFotball-appen aldri har hatt så stor pågang som dei påfølgjande 10 minuttane. Diverre så vart det seier 2-1 til Odda og dermed sikra dei seg seieren i gruppa.
Men alt i alt, så har dette vore ein strålande sesong, med mykje god fotball, herleg innsats og eit fantastisk miljø innad i laget. Me skal vera oppriktig stolte over det som har vorte prestert i år.

No har me nett feira ein flott sesong med kebab og Liverpoolkamp i bygdahuset, noko som òg vart ein stor suksess både med tanke på kamp og kebab.
Tusen takk til Veronica og Anne Margrethe som varta oss opp som kongelege, maten og oppvartninga var heilt perfekt. :)

Tusen takk til medtrenar Geir Atle for stort engasjement og iver etter å leggje alt til rette for alle rundt seg.
Tusen takk til Roald og Ståle, som har køyrt oss rundt i Triobussen, og de andre foreldre som har bidratt når det trengs.
Tusen takk til Kjell Inge som har vore keepertrenar og assistentrenar gjennom sesongen.
Og sist, men ikkje minst tusen takk til strålande gutar som gjer fotballkvardagen spanande og kjekk.
Takk for i år!

-Trond Thorsen