Friidrettsgruppa hadde måndag sommaravslutning for dei tre treningsgruppene våre, med ungar frå 6-12 år. Nokre var alt reist på ferie, men 25 unge, lovande møtte opp til ymse konkurransar og aktiviteter, og ikkje minst: pizza, saft og kaker til slutt. Vi takkar både små og store for deltakinga og ønskjer vel møtt til hausten. Her er nokre bileter frå moroa.

William og Daniel kjempar om å halde ballongen lengst. Ingunn følgjer med.
Gutane stiller litt av eit stafettlag! ….men jaggu skal dei få hard konkurranse av jentene.
Der var stafetten i gang.
Martin demonstrerer korleis ein skal henge i skranken. Der hang han lenge!
Trass instruktørens formaningar, fann nokre alternative måtar å henge på. Så då vart det slik
Sander og Alexandra (i gult) hadde ein durabeleg kamp om å henge lengst. Begge hang i over 4 minutt. Til samanlikning er rekorden i “jerngrepet” i Meisternes meister på 4.18 minutt :)
Topp stemning blant Tobias og Giljar.
Heine prøvar å treffe korga med erteposane.
Gabriele har pause i trillebåra.
Jostein har gjort klart til hinderløype.
Kor mange gongar skal vi rundt denne, skal tru?
Gardbukar David er vant til tyngre løft enn dette.
Klart for ei krevjande hinderløype.
Både Alexandra og Sander nektar å gje seg.
Sander B synest dette var lett.
Pizza!
Pizza!
Pizza!
Mykje rart folk var med.
Linda og Marie Helene var på plass for å følgje arvingane.
Den gjekk jo rett i bøtta!
Heine i full konsentrasjon.