I helga gjekk Hove Tri av stabelen i Arendal, og på NM normaldistanse, som er 1600 meter svømming, 39 km sykkel og 10 km løp, deltok to Trioutøvarar. I klasse menn-45 tok Ronny Nordal sølv med tida 2.20.43,0, og i klasse menn-55 tok Kenneth Blom bronse med 2.28.12,0. Vi gratulerer med medaljar og sterk innsats. På biletet under har dei begge snike seg opp på toppen av pallen.