5.div kvinner: Trio-Sædalen 1-0.

Damelaget tok sin tredje strake siger (fjerde, om vi reknar med dei tre poenga vi fekk då motstandaren ikkje møtte sist helg). Og det vart gjort med ein solid siger mot Sædalen i haustsola på Husnes stadion søndag ettermiddag. Ida Lygre vart matchvinnar tidleg i kampen.

Med dette tok vi steget opp på øvre halvdel, og 5.plassen skuldast i hovudsak at vi er solide bakover. Berre to av topplaga har sluppe inn færre mål enn oss, men så scorar vi også relativt lite sjølv. Sædalen er også betre defensivt enn offensivt, så det låg an til ein målfattig kamp. Og vi hadde merka oss at Sædalen på onsdag slo sterke Vestsiden borte.
Men i dag tok vi tak i kampen frå start og hadde klar føring i spelet. Sædalen hadde eit par cornerar utan at det vart farleg, men elles var ballen mest på deira halvdel. Allereie etter 7 minutt fekk vi målet, nettopp etter ein av bortelaget sine cornerar. Vi kontra i stor fart ved midtstoppar Rebekka. Ho vart til slutt stoppa, men Sofia vann att ballen og vendte nydeleg fri Ida på høgre. Kontant i nota, flott scoring.
Nokre sjansar til ved Aria si venstreslegge frå 10 meter og Elisabeth etter eit fint angrep, men keeper plukka begge skota utan å anstrenge seg. Sædalen hadde derimot ingenting å by på før kvilen.
Andreomgangen vart mykje av det same. Defensivt god kontroll, men relativt få sjansar skapt av oss og. Ida med eit par moglegheiter etter frispeling av Aria, medan største sjansen kom på ein overgang, der Aria tredde ballen gjennom til Madel. Ho serverte Emma, som kom inn frå venstre og skaut like utanfor.
Siste ti minutta byrja Sædalen å risikere meir, då dei sendte sin beste spelar opp på topp. Ho bidrog med trøkk og stor fart og bortelaget kom til to store sjansar. Den aller største kom då ho raida opp langs høgre og serverte kollegaen framfor ope mål. Men ho bomma på ballen, der var vi heldige. Men elles var det meir solid enn heldig og vi kunne notere oss for 1-0-siger då dommar Sæther frå Odda blas av kampen.
Neste helg ventar ny heimekamp, då kjem Østsiden-Askøy på besøk. Då er det von om å revansjere eit 1-3-tap frå Askøy i vår.

Kampfakta frå Husnes stadion

5.div kvinner: Trio-Sædalen/Kringlebotn/Kalandseid
1-0 (7 minutt) Ida Lygre

Tilskodarar: Om lag 40 – plass til fleire…
Dommar: Steinar Sæther, Odda
Ingen kort.

 

Trio sitt lag: 
Erna Mikkelsen, Mariel Madsgård (Christine Madsgård frå 90), Selma Kvalheim, Rebekka Røen, Siren Njøs (Mia Høydal frå 70 min), Ida Lygre, Christine Solheim Fjelland, Sofia Televik, Emma Heggøy (Cecilie Håvik frå 79 min), Aria Haugsdal, Elisabeth Hansen Eide (Madel Grønstøl Gausvik frå 35 min, Elisabeth frå 75). Tuva Løyning.

– Are Ulseth