Trio-Smørås 4-1. Triodamene har hatt motgang i dei siste kampane, men mot eitt av dei beste laga i serien vart det tre solide poeng søndag ettermidag.

Trio tok tak i kampen frå start og gjekk i føring før ti minutt var gått. Christine F sette inn ein corner som kom på bakerste stolpe. Vi var farlege på daudball og fekk ein stor dobbelsjanse på neste corner, men keeper berga unna Julie si heading. Som venta gjorde begge debutantane frå J15, Julie og Synna, ein særs god figur. Og Julie var ei plage for Smøråsstopparane kampen gjennom.

Synna var involvert i 2-0, med eit herleg innlegg som Emma kom inn på bakre stolpe og sette kontant i nota. Og keeper måtte i full strekk på eit tåskot frå Julie. Vi trykka på!

Rett før pause fekk vi også 3-0. Keeper kom ut og redda Julie sitt skot, men Aria lobba elegant inn returen. Men det siste som skjedde før pause, var at Smørås reduserte etter eit flott angrep med presist veggspel. Likevel, første omgang var vår.

Jamnare etter pause, men vi var farlegast med eit skot frå Mariel, samt ein enorm dobbelsjanse for Aria, etter forarbeid av Mariel. Mange halvsjansar for begge lag mot slutten av kampen, men den einaste som fekk namnet i målprotokollen var Christine M, som scora sikkert då ho vart spelt gjennom.

Dermed ein fortent siger til Triodamene. Siste vårkamp er borte mot Sædalen neste helg.
Kampfakta frå Kvednabekkjen
5.div damer: Trio-Smørås 4-1 (3-1)
1-0 (8 minutt) Christine Solheim Fjelland
2-0 (21 minutt) Emma Heggøy
3-0 (43 minutt) Aria Haugsdal
3-1 (45 minutt)
4-1 (89 minutt) Christine Musland Madsgård

Dommar: Steinar Sæther, Odda
Tilskodarar: om lag 40

Trio sitt lag:
Katrine Yri Røssland, Siren Njøs, Rebekka Røen, Selma Kvalheim, Elisabeth Hansen Eide, Christine Solheim Fjelland, Sofia Televik, Aria Haugsdal, Mariel Musland Madsgård, Julie Ersland, Emma Heggøy, Mia Høydal, Synna Gjerding, Kristine Enæs Medhaug, Christine Musland Madsgård, Malin Saug, Beate Vimme.