J17, 1.div Rogaland, Trio – Nord 2-0 (1-0).

Nord kom til Husnes Stadion utan poengtap i årets 2 første kampar. Laget som består hovedsakleg av 17-åringar og 2 overårige trudde nok dei skulle ha ein god sjanse mot det yngre Trio-laget. Men den gong ei. Etter ei svært solid gjennomføring vann heimelaget 2-0, og det kunne fort vore 3-4 mål til.

Det går noko tid i starten av kampen før vi får etablert noko særleg spel. Vi er ikkje vane med naturgras og det spelte nok litt inn, sikkert også for Nord. Men gradvis får vi tatt ned ball og satt i gong med kombinasjonsspel. Etter 25 minutt kjem uttellinga etter eit mønsterangrep på høgresida, der det til slutt blir lagt tilbake til Synna som slår inn på første berøring og der lurer Julie på bakre stolpe og setter sitt første for året. Vi fortsetter å pressa og er svært nær 2-0 då ei kanon frå Synna går via fingertuppane til keeper og i undersida av tverrliggar. Julie får nesten satt returen i mål. Nord har eit par cornerar som det farlegaste og skaper faktisk ikkje ein einaste målsjanse i åpent spel kampen igjennom. God defensiv struktur og bra fotballforståelse i heile laget må få hovedæra for dette 2 kampar på rad.

Ei småsjuk Helene satte inn 2-0 målet på eit kort innhopp!

 

Andre omgang har vi full kontroll heile vegen og skapar fleire store sjansar. Synna drar seg forbi alt av Nord spelarar på venstre sida og serverer til slutt Ida på nesten blank “45 ut”, men Ida får den litt kjapt på seg og rekk ikkje styra den anna enn like utanfor. Då prøver vi på høgresida. Først spelar Synna gjennom Cecilie som skyt godt i nærmaste hjørnet, men keeper er kjapt nede og slår til corner. Men i neste forsøk så sitter den. Cecilie tar servitørrolla denne gong. Drar seg forbi fleire og ned til dødlinja. Gjer som ho har trent på og trillar også “45 ut”. Denne setter Helene kontrollert i hjørnet med innsida. Flott scoring etter treningsdagboka til laget:-). Ei småsjuk Helene skulle bare prøva seg noken få minutt og dei brukte ho godt:-). Siste 10 minuttane får midtbanen instruks om å ha fokus på det defensive og vi kontrollerer inn utan problem.

Nysigneringa frå Odda, Annie, var frisk i dag og begynner å bli varm i Trio trøya!

 

Synna får bestemannspremien i dag etter å ha dominert midtbanen, lagt ned enormt med meter og involvert i det meste av sjanser skapt. Storform! Cecilie, Ingeborg og Ariana leverte også frå øvste hylle i dag. Astrid kom ikkje heilt i gong frå start i dag, men var knallgod då ho kom inn i andre, flott Astrid! Ellers ros til heile laget for ein meget bra prestasjon!

Laget i dag: Malene, Linnea, Ingeborg, Ariana, Malin, Cecilie, Selma, Synna,, Ida, Astrid, Julie, Annie, Emma H., Mia, June, Helene.

Neste kamp då er Falkeid heime kommande tirsdag.

Kristine, Stig og Per Einar:-)