Damer: Loddefjord2-Trio 2-1. Alvøenanlegget var oppteke med barnefotballcup i helga, men Loddefjord hadde ordna bane i Kjøkkelvik i staden. Sjølv mangla vi mykje folk, men dei 12 vi stilte med gjorde alle ein dugeleg innsats. Og det vart nesten poeng.

Vi sleit i vårkampen mot Loddefjord og fekk eit litt heldig poeng heime, så det var litt bange aningar då vi for første gong i år var skikkeleg på hæla mannskapsmessig. Vi endte på 12 damer på tur, deriblant to ifrå J15. Men damene bretta oppe ermene og sto godt på for kvarandre.

Første omgang starta litt tamt. Vi hadde god kontroll bakover, men skapte lite framme. Sofia, Emma og Ida med nokre halvsjansar og Erna rydda opp ved nokre høve. Ei flott redning på eit høgt skot frå distanse. Dottera på venstrebacken meinte mora var 2-3 cm opp frå bakken då ho hoppa opp og boksa :)

Siste kvarteret tok heimelaget over. Vi såg slitne ut og var på etterskot. 1-0 då vi gløymde markering på nytt innlegg etter corner, og 2-0 kort etter då vi mangla markering på eit løp frå midten.

Men vi samla oss i pausen og gjorde ein sterk andreomgang. Malene er keeper på J15, men har også erfaring som spiss, der ho fekk spele då ho kom innpå midt i første omgang. Ho gjorde ein dugeleg innsats og plagde heimeforsvaret. Kjempa seg laus og var brått åleine med keeper, men vart stoppa av ein flott parade.

Mia og Aria hadde eit par gode sjansar og vel 25 minutt ut i omgangen lukkast vi endeleg. Emma la inn og Aria drog seg fri og hamra reduseringa i hjørnet. Etter dette trykka vi på og hadde fleire nesten-moglegheiter. Den største då Aria og Malene hadde ein formidabel dobbeltsjanse. Ballen rulla på tvers innanfor 5-meteren, men ville ikkje inn i nota. Heller ikkje å setje Rebekka opp på topp i sluttminutta, gav utteljing. Berre nesten.

Og det skyt som kjent ingen prest av hesten. Likevel skal vi vera godt nøgde med innsatsen. Neste helg er det heimekamp mot Eidsvåg, eit lag vi skal slå.
Kampfakta frå Kjøkkelvik idrettsplass
5.div damer: Loddefjord2-Trio 2-1 (2-0)
1-0 (39 minutt)
2-0 (42 minutt)
2-1 (71 minutt) Aria Haugsdal

Trio sitt lag:
Erna Mikkelsen, Siren Njøs, Rebekka Røen, Christine Solheim Fjelland, Cecilie Håvik, Emma Heggøy, Ida Lygre, Sofia Televik, Mia Høydal (Malin frå 60, Mia frå 85), Aria Haugsdal, Malin Saug (Malene Heimvik frå 23).

-Are Ulseth