G13: Trio3-Odda 0-6.

Som venta vart oddingane for sterke mot oss. Vi gjorde ein ok førsteomgang, og fekk køyrd oss etter pause.

Førsteomgangen var slett ikkje verst. Då var vi ganske på høgde med bortelaget og berre to scoringar spelt opp to mot ein for vår back gav 0-2 midtvegs. Hadde kantane bidrege litt meir bakover, kunne vi unngått desse. Sjølv hadde vi ein kjempesjanse då Brage crossa til Mohammed, som skaut like utanfor.

Utover i andre omgang sleit vi meir og meir med å spele oss ut. Vi sto i mot halve omgangen, men det måtte kome nokre mål til slutt. Og då kom det like godt 4 på rappen, slik at det endte 0-6. Mohammed og Brage med kvar sin gode sjanse for oss, men mål fekk vi ikkje i dag.

Nye sjansar på fredag, når Stord 3 kjem på besøk.

G13:
Trio3-Odda 0-6 (0-2)

0-1 (21 minutt)
0-2 (32 minutt)
0-3 (54 minutt)
0-4 (57 minutt)
0-5 (58 minutt)
0-6 (61 minutt)

Trio sitt lag:

Martin, Michael, Andre, Håkon Georg, Brage, Mohammed, Noah, William, Elias, Mathias, Abdisalan, Vegar.