G14: Trio2-Rosendal 9ar 3-3.
Sørgjeleg, men sant. Seriesesongen 2020 er allereie ved sin ende. Den vart avslutta med prestisjekamp mot Rosendal på Kvednabekkjen torsdag kveld. Klokka 20 sågar, for å få rette Champions League-stemninga. Vel, spelemessig såg det kanskje meir ut som Europa League.

I dag mangla vår langtidsskadde stjernespelar Håkon, samt legenden Vegar. Rykta om at Vegar vart spara berre for at Rosendal skulle ha ein sjanse, er ikkje bekrefta. Den offisielle versjonen er at Vegar var sjuk. Elles har vi så mange stjernespelarar på laget at vi neste år vurderer å melde på lag i stjerneserien :)

Uansett. Rosendal virka lokalkjente og hadde sett seg ut kor måla sto allereie før kampstart. Difor tok det berre 25 sekund frå dommaren blas i pipa til det sto 0-1. I frekkaste laget, vil eg hevde. Velvel, ingen grunn til panikk. Vi tok tak i det og brukte 10 minutt på å utlikne, då Abdi spelte fri Elias. Så då var det tilbake til start. Og korleis var starten? Jau, Rosendal brukte om lag 25 sekund på å score. 1-2.
Vi trengte ikkje lange stunda på å svare vi heller. Eit presist gjennomspel frå Noah og Elias nok ein gong kontant åleine med keeper. Tilbake til start. Denne gongen var Rosendal litt slappe, dei brukte heile 3 minutt på å gå i ny føring. 2-3.
Resten av omgangen hadde vi eit lite overtak, men sleit med å skape mange store sjansar. Rosendal sin knallgode keeper rydda opp i mykje og var flink til å ut og plukke ballar i bakrom. Eit fint samspel mellom Noah og Mohammed sendte Elias gjennom, men denne gongen gjekk skotet utanfor. Rett før pause utlikna han likevel på merkeleg vis. Innsats heilt til ballen plutseleg låg i nota. Assist frå Noah og 3-3 midtvegs.

Det skulle også bli sluttresultatet, for andreomgangen vart mållaus. Vi hadde vel flest sjansar og synest vi skulle vunne, men det same tenkjer nok Trond-Inge om sine gutar også. Vi noterte i allefall nokre store sjansar då Mohammed dundra ballen høgt over, upressa frå 15 meter, to tverrliggjartreff frå vår bestemann idag, Jonas. Samt ein kanonade i feltet frå Jonas og Mathias og eit skot frå skrått hald av Elias, der keeper gav ein retur vi ikkje tenkte på å utnytte.

Sein kampstart betyr sein kampslutt, og sjølv om begge lags trenarar meinte dommaren blas av kampen to minutt før full tid, så var det langt over leggetid for små gutar. Stemninga var difor stor for ein straffekonk for å drøye legginga lengst mogleg. Her valde vår keeper Martin å stå over, og då fekk vi i allefall vist at det han driv med ikkje er så lett som det ser ut for. Erstattaren fekk det i allefall ikkje til, for han redda ikkje ein einaste av Rosendal sine ti straffar. Sjølv bomma vi på 2-3 stk, så i den duellen vart det bortesiger.

Vi held fram med treningar framover og satsar på å møte dei kjekke rosendelingane igjen snarleg til treningskamp på full bane. No skal vi til å bruke store fotballar også. The future’s so bright, we gotta wear shades!
Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14: Trio2-Rosendal 9ar 3-3 (3-3)
0-1 (25 sekund)
1-1 (10 minutt) Elias Ulbi
1-2 (10 minutt)
2-2 (14 minutt) Elias Ulbi
2-3 (17 minutt)
3-3 (33 minutt) Elias Ulbi
Dommar: Steinar Sæther, Odda.
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, William Heggøy, André Nordøy, Brage Kvandal, Gunnar Eikemo Steine, Noah Smith, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Mohammed Aljajan, Jonas Hjelmeland Naterstad, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen.

– Trenar Are Ulseth

På dette forsøket på lagbilete vart vi infiltrert av ein luring :)


Trio G14-2 sesongen 2020. Minus ein sjuk Vegar.