Trio-Stord 2 0-4. Damelaget tok i mot seriens beste lag til første haustkamp. Kampen gjekk på Husnes stadion, då seniorlaget har fått byta til grasbanen som hovudbane for haustsesongen. Trass i baklengs heilt i starten, gjorde vi ein grei prestasjon mot eit temposterkt Stord-lag.Vi venta ein tøff kamp og det vart ein tøff start der vi var lite borti ballen dei første ti minutta, vart hardt pressa og fekk 0-1 i mot allereie etter to minutt. Men etter kvart klarte vi å samle oss, tette betre igjen og etablere spel sjølv.

Spissduoen Emilie og Aria klarte å valde Stord-forsvaret ein god del trøbbel og dei vart til tider stressa i bakre rekkjer. To gonger på to minutt vann Emilie ballen etter forsvarsmiss, braut gjennom, men klarte diverre ikkje å avslutte på mål nokon av gongane. Andre sjansen endte med corner, og den stussa Elisabeth like over mål. Brått låg det Trioscoring i lufta. Og den største sjansen av alle kom då Christine storma gjennom på høgrekanten og la inn til Aria. Keeper redda skotet, og iherdig jobbing frå keeper og forsvar klarte også akkurat å blokkere begge returskota frå Aria.

I andre enden hadde Erna to strålande redningar då Stordspissen kom åleine mot ho. Men ti minutt før pause vart det 0-2, på ein betydeleg mindre sjanse. Men relativt jamnt i spel og 4-4 i store sjansar midtvegs måtte vi vera nøgde med, sjølv om vi var to under i målprotokollen.

Andre omgang vart noko tammare. Også her fekk vi tidleg baklengs, etter eit fint veggspel. Og etter timen kom 0-4. Då sto underteikna i kioskkø, så det er spørsmål om det målet i det heile teke teljer. Aria og Emile leverte nokre fine kombinasjonar som endte med gode sjansar til kvar av dei utan å lukkast, men totalt sett var vi ikkje like på hugget som i første. Det var ikkje Stord heller, men dei kontrollerte inn til ein komfortabel bortesiger.

Sidan det var lenge til ferga, nytta stordingane høve til å innvie cupteltet til helgas Rema 1000 Husnes Cup med pizzakos. Då var Triospelarane og 65 tilskodarar for lengst gått heim. Neste dyst er borte mot Loddefjord laurdag 24.august.
Kampfakta frå Husnes stadion
5.div kvinner: Trio-Stord 2 0-4 (0-2)
0-1 (2 minutt)
0-2 (36 minutt)
0-3 (52 minutt)
0-4 (61 minutt)

Tilskodarar: 65
Dommar: Annika Øye Guddal, Rosendal
Ingen kort.

Trio sitt lag:
Erna Mikkelsen, Kristine Enæs Medhaug, Selma Kvalheim, Rebekka Røen, Siren Njøs, Christine Madsgård, Elisabeth Hansen Eide, Synna Gjerding, Emma Heggøy, Aria Haugsdal, Emilie Kaldestad Ersland, Mia Høydal, Ida Lygre, Cecilie Håvik, Helene Vågen Eikenes, Malin Saug.

Foto: Carina Wangensten. 5.div kvinner:

– Are Ulseth