Siste seriestemne utomhus
Onsdag arrangerte friidrettsgruppa seriestemne på Husnes stadion. Medan vi førre gongen vart utsett for ausande regnver, var det denne gongen vinden som gjorde forholda særs krevjande. 26 deltakarar gjorde likevel ein sterk innsats både i ulike kastøvingar, hopp og løp.
Denne gongen hadde vi mange øvingar på agendaen: Diskos, spyd og kule for kastarane, lengde for dei aller yngste og høgde for dei litt eldre, samt korthekk, 200 meter og 600 meter for dei som ville trimme løpeskoa.
Vi hadde igjen besøk av den ivrige Jacob Sæ Helland (13) frå Stord IL, og han imponerer veldig i kastøvingane. Denne gongen forbetra han sin bestenotering for 13-åringar i landet i år i diskos med 34,45 kule, og han forbetra seg til 10,65 meter i kule, noko som er fjerde best på landsstatistikken. Og frå før er han nest best på spydstatistikken, men her klarte han ikkje persen denne gongen. Han framviser uansett ein imponerande kastteknikk i alle øvingane, noko som er fin læring for våre utøvarar.
No flyttar vi innomhus, og held fram med treningar i Husneshallen og Kvinnherad Arena utover hausten. Vedlagt er resultater frå stemnet.
