G13-gutane tek den tunge vegen heim frå Moster i kveld etter ein skikkeleg nedtur: Det var årets siste seriekamp. Rett nok har vi allereie planlagt ein treningskamp i neste veke, og rett nok endte kampen med 2-1-siger, men altså… siste seriekampen. Slikt er berre trist.

Ei ganske skral forestilling av oss i kveld. Rett og slett ein dårleg og upresis fotballkamp av begge lag. Vi dominerte første omgang, men fekk ikkje hål på byllen. Nærast då Edvard sendte Elias fri, men avslutninga i nettveggen. Gode sjansar også til Jonas, Abdi, Elias og Andrė, men 0-0 til pause.

I andre omgang var Moster meir med på notane og tidvis farlege. Andrė var banens beste og rydda unna det meste. Jonas og Elias hadde kvar sin kjempesjanse og Andrė traff vinkelen på utsida med eit frispark.

Til slutt lukkast vi då Gunnar spelte opp Elias, som drog seg inn og sette ballen forbi ein skeivt plassert keeper. 0-2 fekk vi då Jonas dempa ein retur og hamra den inn. Men ny spaning då Moster reduserte på første spark frå avspark. Martin hadde somna ;)

Men vi kontrollerte inn siste to minutta og vann 2-1, fortent kampen sett under eitt.

Då prøvar vi oss med intern treningskamp i 11ar på torsdag 😊

Kort oppsummering av framgangen vi har hatt i år:
Martin: Han med capsen. Reaksjonssterk og levande vegg, og blitt mykje tryggare på tilbakespel.
Håkon Georg: Kongen av vittige kommentarar. Innsatsfylt, og har aldri våre så tøff og trygg som i to siste kampane.
Noah: Full kontroll på tabell og stilling. Godt blikk og er blitt veldig pasningssikker.
Abdisalan: Særs avslappa moroklump. Er blitt eit arbeidsjern utan like. Kjem alltid ut av duellen med ball.
Mathias: Roleg kar, nyaste mann på laget. Har blitt mykje tøffare i duellane.
André: Sjefen for galskapen. Kaptein og duellspelar, blitt mykje tryggare og klokare med ball.
Mohammed: Sjølvutnemnt sjarmør. Spring mykje og glad i ballen, men viser stadig oftare sin kreative pasningsfot.
Edvard: Bileksperten. Fått mykje meir ro til å dempe og sjå etter medspelar.
Vegar: Beskjeden, driblesterk lynving. Er blitt meir freidig og frampå, både på og utanfor banen.
Jonas: Humørspredar, kan gapskratte og spele fotball samtidig. Spretten som få, og er blitt imponerande trygg på sentral midtbanerolle.
Gunnar: Tålmodig kar, truleg pga mange småsøsken. Blitt veldig god på å bruke farten for å kome rundt og til innlegg.
Michael: Elskar store doningar og anleggsmaskiner. Forbaska rask. Stadig flinkare å roe ned med godt mottak og pasning langs bakken.
Brage: Lagets skravlebøtte og har den beste venstreslegga. Blitt meir duellsterk og aggressiv.
William: Avslappa kjernekar, immun mot faren sine innspel. Held roen og blitt tryggare med ballen.
Elias: Spelar fele og meiner dommarar er ein uting. Livsfarleg i bakrom. Stadig utvikling i å ta med medspelar i støtte.
Mikal: Kulaste karen i gjengen. For tida kun supporter. Vi ventar på comebacket… :)

Kampfakta frå Moster idrettspark: G13 Moster-Trio2 1-2 (0-0)
0-1 (54 minutt) Elias Ulbi
0-2 (67 minutt) Jonas Hjelmeland Naterstad
1-2 (68 minutt)

Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Andre Nordøy, Håkon Georg Røssland – Mathias Veastad, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye, Gunnar Eikemo Steine -Brage Kvandal – Noah Smith, William Heggøy, Elias Ulbi.