Ein merkeleg kort kampsesong er unnagjort for Trio G14-2. Første året med 11arfotball. Med 10 kampar i haust, 6 sigrar og 4 tap, har vi teke nokre steg fram frå i fjor. Særleg når det gjeld innsats og duellstyrke. Dette har gjeve betre prestasjonar bakover på banen, og samstundes har vi utvikla oss med ball, både individuelt og som lag. Men først og fremst har vi hatt det kjekt i lag.

Veldig uvanleg for dette alderstrinnet, så har vi framleis vore delt etter bygder på G14. Vi har lenge ønska å bli samla, men dette har ikkje late seg gjere. For vår det har det gjeve utfordringar å få nok speletid for alle. Vi er 15 ivrige gutar i gjengen og ingen har veldig lyst å stå på sidelinja. Dei fleste kunne nok tenkt seg å spele meir. Særleg når vi i to av kampane har møtt 9arlag har det blitt mykje mas på linja. Sjølv med ein langtidsskada halve sesongen, har vi i snitt vore 13,5 til kamp. Når ein tek med at underteikna klarte å legge ein kamp til ein dag ei handfull gutar skulle i konfirmasjon, så har det knapt vore fråver utanom.

Mange har vist stor framgang i år. Skal nokon trekkjast fram, nemner vi Jonas, Vegar og William, som har blitt mykje tøffare og tryggare i spelet. Kaptein André er ein bauta og Abdi ein drivande god ballvinnar. Men aller mest Brage, som har teke omstillinga frå kantspelar til midtstoppar på strak arm. Aldri noko klaging frå den kanten og han gjer jobben med stor bravur, medan vi trenarar nikkar over at vi har visst i lang tid at det er midtstoppar han kjem til å bli :)

Sjølv med treningsforbod i nær heile mars og april grunna korona, har vi nesten 90 treningar så langt i år. Med godt frammøte, Noah, Brage og William er dei som har aller flest. Og gutane har gjeve klar beskjed om at dei vil trene vidare utover hausten, og helst at vi aukar med ei ekstra trening i veka no når det er slutt på kampane. Det må vi få til. Vi gler oss veldig til å bli samla til ei gruppe på 2006-nivået, det er på høg tid. Og så må vi byrje å planlegge nokre treningskampar. Med 5arball til og med, gutane veks til :)
Dugnad har vi også jobba. Gutane har lempa sekkar til livbåttesting til den store gullmedalja, og det gjer at vi økonomisk sett ligg bra an til å få til Norway Cup-tur til sommars. Så får vi håpe den hersens koronaen ikkje forpurrar dei planane neste år også.

– Sportsleg helsing trenarane, Geir Øystein Heggøy og Are Ulseth