Damelaget har to bortekampar att på terminlista, og i dag var siste heimekampen. Den vart spelt på grasbanen på Halsnøy, då den tåler vatn noko betre enn vår, og vi i tillegg har ei god handfull jenter frå balløya med på laget. Det endte med eit forsmedeleg 0-1-tap i ein kamp der motstandar Skjergard la seg godt inne på eigen halvdel med heile laget og i tillegg scora på ein einaste reelle målsjanse.

Defensivt hadde vi god kontroll og stopparduoen Rebekka og Selma hadde få problem med å hindre bortelaget sine sporadiske og spede forsøk. Heilt til eit tåskudd i hjørnet frå 20 meter på ei kontring ti minutt før slutt.

Offensivt let Trio seg lure av manglande press til å bruke for lang tid i oppbyggjande spel, til at Skjergard fekk kome på plass med alle sine og forsvare tredjedelen nærast eige mål med alle sine spelarar. Og det gjorde dei godt. I tillegg var bortelagets opplagte keeper flink å plukke det som kom av gjennomspel i midten, der ballen diverre gjekk for ofte, i staden for å bruke kantane.

Rebekka (til høgre) med ein ny solid kamp for Trio.

Likevel hadde Trio nok av sjansar til å vinne kampen. Julie og Christine M med dei største før pause, medan Aria og Julie hadde dei største etter kvilen. Eit jamnt trykk kampen gjennom mot Skjergardmålet, men ikkje noko teljande resultat. Dermed gjekk alle poenga fløyten, og bortelaget tok dei med til Sotra.

Cecilie gjorde sin beste kamp for damelaget med stødig backspel. No ventar to bortekampar som avslutning på sesongen. Først Smørås neste helg, før det er lokaloppgjer mot Stord om to veker.

Kampfakta frå Halsnøy idrettsplass
5.divisjon damer: Trio-Skjergard/Nordre Fjell 0-1

0-1 (81 minutt)
Dommar: Lars Gunnar Rafdal, Stord
Trio sitt lag:
Erna Mikkelsen, Cecilie Håvik, Rebekka Røen, Selma Kvalheim, Elisabeth Hansen Eide, Sofia Televik, Christine Solheim Fjelland, Aria Haugsdal, Emma Heggøy, Kristine Enæs Medhaug, Mariel Madsgård, Ida Lygre, Julie Ersland, Beate Vimme, Christine Madsgård, Malin Saug, Madel Grønstøl Gausvik.