G14: Trio2-Fitjar 1-0. Smågutane har ikkje teke haustferie, men tok i mot Fitjar til dyst søndag kveld. Vi tapte 2-6 heime mot dei i fjor, så vi rekna med ein jamn kamp. Fitjarbuen er ein av 3 motstandarar som er påmeldt som 9arlag, men dei har fått tilbake nokre spelarar i haust, så då dei meldte interesse for 11arkamp, var vi ikkje vonde å be. Vi er 15 mann i gjengen og ingen ivrar særskildt for å sitje på sidelinja, så jo fleire på banen, dess betre for vår del. I dag mangla vi vår stjernespelar Håkon Georg, som slit med eit gammalmanns kne, men elles var vi 14 staute karar fit for fight.

Det vart ingen kamp for historiebøkene når det gjeld kvalitet. Tett og sjansefattig, og temmeleg upresist frå begge sider. Fitjar har mange tekniske spelarar, men som lag var dei i grunn like slurvete som oss i dag. Men innsatsen var det ikkje noko å seie på frå begge lag. Tøffe duellar og god arbeidsmoral frå våre i dag. Før pause kunne vi berre notere ein sjanse til Gunnar på frispeling frå Noah, samt eit langskot frå Mohammed, men dei 27 frammøtte på tribuna såg ingen grunn til å setje kaffien i halsen pga fare for mål. Ikkje vart det servert kaffi heller, forresten. Fitjar hadde ein sjanse, då ein kar vart ståande pur åleine på bakre stolpe. Heldigvis vart han for forfjamsa til å gjere noko med det.

God semje i pausen om at dette skulle vi vinne. Trenarane sin bøn om å roe ned, dempe og slå gode pasningar, vart dog ikkje veldig høyrd. Men innsats låg i allefall i botn. Mohammed starta på benk og var gira då han kom inn. Han får tidvis ein del velfortent tyn for å drible for lenge og mykje, men nokon gonger lukkast han jo også med det. Som då han starta langt inn på eigen halvdel og raida seg forbi alt og alle og sette inn kampens einaste mål. Det er ikkje slikt vi rosar for, men mål er mål, hevdar mange.
Elles var Vegar kvikk på høgrevingen som vanleg og gjorde mykje ugagn for Fitjarforsvaret. Som då han drog seg forbi og spelte inn til Mohammed, som prøvde seg på ein Robbie Fowler frå Brann stadion i 1997. Alle hugsar den. Hæla ballen med seg over hovudet, men avslutninga tuppa han rett over mål. Heldigvis, elles hadde han nok blitt frykteleg høg på pero :D

Fitjar flytta fram mykje folk mot slutten av kampen, men klarte ikkje å setje veldig trykk på oss framfor mål. Vi jobba bra og heldt god stand og arbeidsinnsatsen vart krona med jubel for tre poeng i det dommaren blas av. No har vi vunne 4 på rad. Det er snart på tide vi kjem oss ned på jorda. Pokalen for banens beste i dag går elles til Abdi, som jobba hardast av alle. Vår trauste midtbaneslitar foreslo fleire gonger å få seg ein pause på benken, men var så pass god at han vart ein av få som ikkje fekk ein ein rast i bakken på benken.

No er det altså denne hersens haustferien. Vi hadde håpt på ein treningskamp, men det ser kanskje ut som det blir vanskeleg å få til. Då er det i så fall to venker til Bremnes kjem på besøk. Det kan bli ein minst like spanande brudulje.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14 Trio2-Fitjar 1-0 (0-0)
1-0 (41 minutt) Mohammed Aljajan
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Michael Løland, André Nordøy, Brage Kvandal, Jonas Hjelmeland Naterstad – Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Noah Smith – Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine – Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrad, Mohammed Aljajan, Mathias Veastad.

– Trenar Are Ulseth