IL Trio inviterer heile kommunen til historiens største og beste romjulsfest i Kvinnherad. Her lagar vi til ein skikkelig kjekk møteplass for deg som bur i kommunen og for deg som er heime på juleferie!

I samband med den tradisjonsrike Romjulscupen vil vi invitere heile kommunen inn i Kvinnherad si nye storstove Kvinnherad Arena, til ein gedigen romjulsfest.

Program

19:00Innslepp (OBS – ENDRET FRA KL 18:00)
19:30Musikkquiz og underhaldning av Ørjan Bakke og Nils Trygve Markhus
21:00Konsertstart
01:30Dørane stengjer, bussen går heim

Vi startar kvelden med musikkquiz med Ørjan Bakke og Nils Trygve Markhus klokka 19:30. Eit quiz-lag består av inntil 5 personar. Alle som skal delta på quiz må ha billett til romjulsfesten. Påmelding til quiz: https://forms.office.com/e/Fng7L1hAbQ

Stavangergruppa Kriminell Kunst står på scena. I tillegg til sin eigen musikk har dei med seg DJ, så vi kan garantere god og variert musikk heile kvelden.

Når vi inviterer til fest i Kvinnherad Arena er det viktig for oss at dette skal vere et arrangement som er tilgjengeleg for folk frå heile kommunen. Vi samarbeider difor med Tide Buss, som sørger for at du kjem deg trygt hjem. Det vil gå nattbuss til Rosendal, Utåker og Sæbøvik. Bussbillett kjøper du saman med inngongsbilletten.

Arrangementet har 18 års aldersgrense.

KJØP BILLETT HER: