IL Trio gjentek suksessen frå i fjor, skalerar opp, og inviterer på nytt alle over 18 år i heile kommunen til historiens feitaste og største ROMJULSFEST 2. juledag i sjølvaste Kvinnherad Arena!

I år som i fjor kjem stavanger-gruppa Kriminell Kunst til å stå for underhaldninga. I tillegg til sin eigen musikk vil dei vera DJ’ar og sørgje for god og variert festmusikk heile kvelden.

Det vil bli sett opp nattbuss både til Rosendal, Sæbøvik og Utåker. Billett til bussen kjøper du saman med inngangsbilletten.

Dei første billettane vert selde til 20% redusert pris, så her lønner det seg å vere kjapp på avtrekkaren

Me forventar at arrangementet vil bli utseld i år òg. Ikkje ver den som blir sitjande heime fordi du ikkje kjøpte billett i tide! Sikre billettar til deg og venene dine med ein gong! Billett kjøper du under.

For spørsmål kan me kontaktast på romjulsfest@il-trio.no