Påmelding: https://forms.gle/2y2cvhJ7JWLUFgoc7

IL Trio fotball inviterer til romjulscup i Husneshallen 26. og 27. desember.  
Denne cupen har vore ein kjærkommen samlingsplass for mange i romjula, og har vore sårt sakna i corona-tida. I år gler vi oss til å sjå deg og ditt lag kjempe om pokalar, heder og ære!
Reglar er stort sett som det har vore seinaste åra. Og reglane som dei fleste lurer på er:

  • · Maks 10 spelarar på kvart lag.
  • · Maks 2 aktive på banen samtidig. (Blir rekna som aktiv dersom du har spelt seniorfotball i divisjonssystemet fra og med 5. divisjon. NB! Men har du spelt i mindre enn 5 kampar i 5.divisjon, blir du rekna som ikkje aktiv)
  • · Aktiv utespelar blir ikkje rekna som aktiv keeper.  
  • · I dameklassen er det ikkje reglar for kor mange aktive ein kan vera på banen.
  • · Aldersgrense for å delta på herrelag født i 2007 eller tidlegare, og 2008 eller tidlegare for damelag.

Eventuelle spørsmål kan sendast til Tore Olderkjær:
E-post: tore.olderkjaer@kvinnherad.kommune.no, eller telefon 970 45 078.

  • · Påmelding seinast 13. desember
  • · Dei 12 første påmeldte laga er med i trekking av tre spanande gåver! MELD DYKK PÅ!
  • · Påmeldingsavgift er 1000,-  for både herre- og damelag
  • · Betaling skjer via vipps til sekretariatet ved frammøte
  • · Premiering til vinnarar og toppscorar i begge klassane  
  • · Vi har og premiering til laget med best sportsånd/fair play!

Vel møtt! Vi gler oss til å sjå DEG!
Helsing IL Trio A-lag