Romjulscup i Husneshallen 26. og 27. desember
Påmelding: https://forms.gle/2y2cvhJ7JWLUFgoc7
IL Trio fotball inviterer til romjulscup i Husneshallen 26. og 27. desember.
Denne cupen har vore ein kjærkommen samlingsplass for mange i romjula, og har vore sårt sakna i corona-tida. I år gler vi oss til å sjå deg og ditt lag kjempe om pokalar, heder og ære!
Reglar er stort sett som det har vore seinaste åra. Og reglane som dei fleste lurer på er:
- · Maks 10 spelarar på kvart lag.
- · Maks 2 aktive på banen samtidig. (Blir rekna som aktiv dersom du har spelt seniorfotball i divisjonssystemet fra og med 5. divisjon. NB! Men har du spelt i mindre enn 5 kampar i 5.divisjon, blir du rekna som ikkje aktiv)
- · Aktiv utespelar blir ikkje rekna som aktiv keeper.
- · I dameklassen er det ikkje reglar for kor mange aktive ein kan vera på banen.
- · Aldersgrense for å delta på herrelag født i 2007 eller tidlegare, og 2008 eller tidlegare for damelag.
Eventuelle spørsmål kan sendast til Tore Olderkjær:
E-post: tore.olderkjaer@kvinnherad.kommune.no, eller telefon 970 45 078.
- · Påmelding seinast 13. desember
- · Dei 12 første påmeldte laga er med i trekking av tre spanande gåver! MELD DYKK PÅ!
- · Påmeldingsavgift er 1000,- for både herre- og damelag
- · Betaling skjer via vipps til sekretariatet ved frammøte
- · Premiering til vinnarar og toppscorar i begge klassane
- · Vi har og premiering til laget med best sportsånd/fair play!
Vel møtt! Vi gler oss til å sjå DEG!
Helsing IL Trio A-lag