IL Trio Fotball inviterer til romjulscup den 27.desember, altså 2. og 3. juledag i Husneshallen. Romjulscupen som på folkemunne blir rekna som den mest prestisjetunge og viktigaste turneringen etter Champions league. Folkefesten som det blir snakka varmt om lang inn i korridorane på Anfield!

Påmeldingar og spørsmål sendast til:
runemo15@hotmail.com eller tlf. 478 18 313

Påmeldingsfrist er fredag 20.desember og må innehalde navn på lag og kontaktperson for laget.

Påmeldingsavgifta blir 1500 kr for herrelag og 1000 kr for damelag.
Betaling via vipps til sekretæriatet ved frammøte.

Bente Musland og Madel Gjerding i aksjon! (Foto: Grenda)

 

Regelverket er stort sett som ifjor, men merk at det i år er eit makstak  på 4 aktive spelarar pr. lag. Som før maks 2 aktive på banen samstundes. (Dameklassen har ikkje reglar som begrensar antal aktive). Med aktive meinast dei som har spelt seniorfotball i divisjonsystemet, uansett alder. Aldersgrense for å delta er 15 år for herrelag og 14 år for damelag

Premiering til :
-vinnarar i dame og herreklasse
-Den mest stemningsskapande spelaren
-laget med best sportsånd (fair play, idrettsglede, innsats)