
Resultater frå seriestemne
Onsdag (11/6) arrangerte Trio friidrett seriestemne på Husnes stadion. Berre 29 deltakarar denne gongen, men fine prestasjonar. Ikkje minst i kastøvingane.
Heine Sæverud Jensen slo til med 7,81 meter i tresteg og det er inne på topp-10 av landets beste 13-åringar så langt i år. Giljar Saghaug Håland var ikkje langt etter med 6,98.
Diskos og slegge var på programmet for første gong i år. Kjekt med comeback av brødrene Stuland Olsen og Ådne viste gamle kunster med 27,20 i diskos og 32,39 i slegge, før første gong med seniorvekt på kastreiskapen. Også ungdommane fekk det bra til. Giljar Saghaug kasta 19,28, som forbetring av personleg rekord med over 2 meter, og 11.lengste på landsstatistikken. Mattias Skauge Griggs noterte seg for 21,81 – første gong over 20 meter og 9.lengst på landsstatistikken for 14-åringar så langt.
Også i favorittøvinga spyd gjorde Mattias det veldig bra. Onsdagens 33,95 er betring med 21 cm frå tidlegare i vår, og tredje best på landsstatistikken. Ådne Olsen sitt kast på 35,02 må også nemnast, og sanneleg også Rick Turner sitt 28,35. For 21-åringen frå Sunde var det nemleg første gongen han tok i eit kastspyd!

