G16: Trio-Rosendal 2-5. Fredrik Saghaug Eikeland er ein allsidig kar, som oftast er å finne på backplass eller kant på gutelaget, eventuelt som spiss. Dei siste kampane har han dog verkeleg fått testa seg ut på uvante plassar, for sist helg mot Odda fekk vi keeperen utvist rett før pause. Gode råd var nokolunde dyre og det var Fredrik som fekk utfordringa med keeperhanskar på. I dag var det manko på midtstoppar, og sjølv om han starta på sin vante backplass, så endte det med halvanna omgang som midtstoppar. Fredrik fiksa det også med bravur, og va ein av våre beste.

Mot Rosendal i dag var det likevel ikkje nok. Rosendelingane er eit hakk betre enn oss for tida og tok ein fortent siger. Ikkje minst sleit vi med ex-Triospelar Yazan, som hadde to i stolpen og to i nettet, samt minst ein assist. Sjølv har vi nokre slitne, mange sjuke, samt skader og anna fråver. Vi har to lag i serien og har vår fulle hyre i å bemanne dei denne veka. Torsdagskampen mot Fitjar vart utsett (ny dato er 30/5). I dag gjorde vi ein heller dårleg kamp sleit med kommunikasjon og pasningsspel. Rosendal tok leiinga, men Troy utlikna med eit fint gjennomløp frå indreløparposisjon. Bortelaget svara dog umiddelbart og gjekk til pause med 1-2-leiing.

Vi kom oss noko i starten av andre omgang og Vegar utlikna då Tristan tredde ballen fint gjennom til venstrevingen vår. Så varta Martin opp med ei flott redning som han slo i tverrliggjaren, før vi faktisk kunne gå i føring. Vegar med dribleraid i feltet før han noko unødvendig vart lagt ned. Men frå straffemerket vart det ikkje suksess denne gongen. Då gjekk det vetle vi hadde av piff ut av oss og Rosendal gjekk opp i 2-3 rett etter. Sidan følgde to nye scoringar og kampen endte 2-5.

Ny sjanse mot Rosendal på torsdag, før vi har to kampar mot Fitjar i veka etter. Satsar på at vi frisknar til og det blir mindre hosting og harking framover, og så gler vi oss veldig til å få langtidsskadde Jonas og Noah på banen igjen :)