Friidrettsgruppa arrangerte eit lite seriestemne i flott haustver laurdag. Det var kun for ungdom og senior denne gongen, kastøvingar samt 5.000 meter. Vi var lova sprek deltaking og rekordforsøk på 5.000 meteren, og det viste seg å halde stikk. Sindre Omvik hadde sjølv banerekorden på Husnes stadion med 15.13 frå tidlegare i sommar, men no var han også ute etter Rosendal TL sin klubbrekord, som var på 14.55. Den tok han med to sekunds margin.
Sindre hadde fått med seg Lars Lunde frå Stord IL og Tedros Gebretensai Haile frå Haugesund IL, i tillegg til sin unge klubbkamerat Håkon Myklebust Skjelnes. Og her skulle det setjast fart. Planen var 71-rundar, som gjev km-tid rett i underkant av 3 minutt, og følgjeleg ei tid under 15 blank. Starten var på skjema, men noko tid vart tapt midt i løpet og Lars måtte også sleppe ryggen til Sindre og Tedros, etter at alle tre hadde veksla på å dra. Men med ein råsterk nest siste runde på 69 sekund, og sisterunde på 64, kom dei to første godt under 15-grensa. Sindre vann spurtduellen med Tedros og klokka inn på imponerande 14.53,2.

4 deltakarar også i kastøvingane. Mathilde Alfarnes Amundsen (14) frå Stord sette ny pers i spyd, noko også vår eigen Ådne Stuland Olsen (16) gjorde. I slegge-, diskos og kule-ringen fekk Ådne selskap av Oddvar Hårde frå Stord, og dei utkjempa tette duellar i alle øvingane. Mest imponerande var kanskje Oddvar sitt sleggekast på 40,25 meter, etter eige utsegn over 15 år sidan sist gong han var i sleggeringen.

Her er resultatlista frå stemnet. No legg vi opp til siste seriestemne for dei yngste tysdag 13.oktober, og har vi nok ressursar på tampen av sesongen, inviterer vi til Kvinnheradmeisterskap laurdag 24.oktober.

Oddvar Hårde og Ådne Olsen med gode duellar i kastringane.

Tet-trioen passerer første kilometeren på 2.58.

Haakon (15) kunne sjølvsagt ikkje følgje dei andre, men kom inn på 16.44, få sekund bak persen.

Godt driv då Tedros tok føringa.

Arne gjer seg klar til å ringe med bjella.
Oddvar slenger diskosen nesten 34 meter.
Oddvar kastar slegga over 40 meter.

Mathilde kom frå Stord for å setje ny pers, og det klarte ho. 35,40 meter.

Ådne følgde også opp med ny pers i spyd, 36,20 meter.