Så er friidrettssesongen i gong. Vår lovande utøvar Alexandra Tveit Rosendahl (13) deltok i helga i Nornalekene i Leikvanghallen i Bergen. Ho deltok i 5 øvingar og sette personleg rekord i alle!

Ein sterk 2.plass i lengde med 4,87 meter og heile 3 hopp over den gamle persen. Dette er berre 22 cm bak klubbrekorden (senior) til Gry Andersen frå 1984.

I høgde vart det siger med 1,45 meter, 3 cm høgare enn tidlegare pers, og berre 5 cm frå klubbrekorden (senior) til Gry Andersen frå 1982.

3.plass på 60 meter hekk med 10,66, som er betring av tidlegare pers med 84 hundredelar(!)

2.plass på 400 meter med sterke 64,50. Dette er berre 6 tideler bak klubbrekorden (senior) til Marita Thorsvik frå 2014.

Og 5.plass på 60 meter med 8,96, som også altså var ny personleg rekord.

Dette lovar bra for sesongen som er i emning og viser at vi har hatt god nytte av å ha fått gode treningsforhold innandørs, både i Husneshallen og i Kvinnherad Arena.