G14: Trio2-Bremnes2 3-5.
Etter 4 strake sigrar, var det på tide å kome med på jorda. Gutane har snakka stadig meir om tabellen og kor nær tabelltoppen vi ville vera viss og om og men. Så gode er vi ikkje, og det vart greit å få jekka oss litt ned. Det klarte vi i grunn mest av oss sjølve i dag, for første 20 minutta var så tafatte og slappe at Bremnes mykje godt avgjorde kampen allereie då. Bømlingane hadde med seg ei handfull frå førstelaget og er ein god og velspelande gjeng, men med full guts kampen gjennom, kunne vi godt vunne dette. Men med 0-3 av sløvskap, blir det vanskeleg.

Vi gjorde som vanleg tre byter etter 1/3 kamp, og då tok det seg opp. Først og fremst ved at Abdi kom innpå. Han hadde meldt seg til benkeplass, då han meiner han sjelden startar der, men det er det også ein grunn for. Ein slitar og duellspelar av rang. Han går føre, og då følgjer dei andre meir etter. Vår suverent bestemann i dag. Plutseleg bretta vi opp ermane og var fullt på høgde. Tre store sjansar for Elias utan å lukkast, før det endeleg vart utteljing rett før pause. Noah med eit framspel til Elias, som kom bortimot åleine mot keeper. Han rulla uegoistisk over til Mohammed, som styrte ballen i tomt mål. 1-3 med inn til kvilen og ny glød.

Straks etter pause kom også 2-3. Vi snakka blant anna om at det var viktig at spiss og kantspelarar gjorde meir arbeid for å vinne ballen. Ein spurt kan fort vera nok til å vinne ballen eller stresse motstandaren. Akkurat det skjedde då Mohammed jaga etter eit tilbakespel til keeper. Målvakta fekk press på seg langt raskare enn han hadde venta, og dermed snappa Mohammed ballen og scora i tomt bur.

Adam hoppa ikkje paradis så veldig lenge, for fem minutt seinare kontra Bremnes inn 2-4. Ei stund seinare kom også 2-4, men vi kjempa mykje betre i denne omgangen og svara raskt då Gunnar vregte ballen rundt på høgrekanten. Mohammed kom gjennom og scora sitt tredje for dagen. I resten av kampen hadde vi eit visst trøkk, og dei største sjansane. Men vi lukkast ikkje fleire gonger. Nærast på ein dobbeltsjanse etter corner. Vegar sin volley og Abdi som retur vart begge blokkert på strek. Dermed 3-5-tap, greit nok.
Vi må opp nokre hakk til vi skal på besøk til Odda neste helg.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14 Trio2-Bremnes2 3-5 (1-3)
0-1 (2 minutt)
0-2 (15 minutt)
0-3 (21 minutt)
1-3 (33 minutt) Mohammed Aljajan
2-3 (37 minutt) Mohammed Aljajan
2-4 (42 minutt)
2-5 (48 minutt)
3-5 (50 minutt) Mohammed Aljajan
Dommar: Hallvar Saghaug.
Gult kort: Brage Kvandal.
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Brage Kvandal, André Nordøy, Michael Løland – Jonas Hjelmeland Naterstad, William Heggøy, Noah Smith – Mathias Vestad, Elias Ulbi, Vegar Seljelid Joleik – Abdisalan Zekeriye, Gunnar Eikemo Steine, Mohammed Aljajan.