J15, 1. div. Rogaland, Nord – Trio 2-8 (1-1).

Det var botn mot topp i Haugesund tysdag, då Nord tok i mot Trio jentene til oppgjer i J15. Om det var undervurdering eller savnet av ei skadd Synna som låg bak skal vera uvisst, men uansett så sleit Trio jentene lenge med heimelaget denne kvelden. Eit solid spelemessig overtak og mange sjansar til tross, så gjekk Nord opp i 1-0 på ei kontring midt i 1. omgang. Julie evnar å utlikne for Trio og jentene går til pause med 1-1, i ein omgang under pari av oss og ein svært god målvakt på heimelaget.

Andre omgang er ikkje meir enn 5 minutt gamal då Nord går opp til 2-1 på eit frispark frå 30m. Dette står seg til der er drøye 20min igjen av kampen. Då verkar det som det skjer noko med Trio jentene, for plutseleg sitt spelet slik det vanlegvis gjer. Flott samspel fører til heile 7 scoringar i denne perioden. Målscorarar i kampen var: Cecilie 3, Julie 2, Ida 2 og Malene 1.

Laget i dag: Jenny, Astrid, Ingeborg, Ariana, Ingeborg, Malin, Cecilie, June Marie, Linnea, Ida, Malene, Julie, June, Annie.

Sauda har trukke seg frå kampen mot oss. Då gjenstår “seriefinale” heime mot Vedavåg/Skudenes søndag 3. november. Trio må vinna denne for å bli seriemeister og vi håpar mange tek turen denne dagen for å heia fram jentene.

Kristine og Stig