
Oppvarming til siste dyst
Friidrett: I morgon går haustens siste seriestemne av stabelen på Husnes stadion og i kveld vart finpussen gjort med fellestrening med utøvarar frå Trio og Rosendal. Tema var valgfritt mellom sprint/hekk og langdistanse/intervall, der vi fekk hjelp av sjølvaste Gunnar Vaage. Eit par av gutane trente også spydkast. Ei kjekk økt som vart avslutta med eit par 4×100 meter stafettar. I morgon står både 100 meter og 200 meter hekk på programmet, i tillegg til spyd og tresteg.

