Kenneth Blom har denne veka vore i Pontevedra, Spania og delteke i VM i triathlon. Det var totalt 7 norske deltakarar, og Kenneth skulle delta i age-group både på sprintdistanse, olympisk distanse og lagkonkurranse. Det vart med den førstnemnte.

Det kjekke først: Kenneth leverte ein strålande prestasjon på sprintdistansen torsdag. Det vart 19.plass i klasse menn 60-64 år, med tida 1.14.57. Under 4 minutt bak den tyske vinnaren og totalt var det 123 deltakarar. Sprintdistansen startar med 750 meter svømming, som alltid er eit sabla kaos med så mange ivrige deltakarar på start. Så følgjer 20 km sykling, før det avsluttast med 5 km løping. Solid gjennomføring i alle tre elementa, kan Kenneth melde.

Laurdag var det så olympisk distanse, men her måtte Kenneth trekkje seg pga overbelastnings-skade i foten. Dermed rauk også lagkonkurransen i dag for hans del. Det å velge å stå over når skaden melder seg, sjølv om det er sesongens høgdepunkt, vitnar om god moral.

Screenshot
Haugesund Sparebank er hovudsamarbeidspartnar med IL Trio.