Oppdatering om idrettsaktivitet i IL Trio
Som kjent stengte IL Trio ned all organisert idrettsaktivitet frå 12.mars, med bakgrunn i smittesituasjonen med koronaviruset og for å vera med på den nasjonale dugnaden med å redusere smitterisiko. Sidan den gong har utviklinga vore positiv og myndigheitene har gradvis letta noko på regelverket. IL Trio opna difor frå 23.april for noko aktivitet, og no opnast det for trening for alle årsklassar.
Basert på Helsedirektoratet og NIF si anbefaling vedrørande idrettsaktivitet, opnar no IL Trio med dette opp for organisert trening for alle alderstrinn. Dette føresett at ein følgjer gjendande smittevernsreglar.
Dette føresett at gjeldande reglar for smittevern vert overheldt: Grupper på max 20 personar, avstand på 1 meter og elles i tråd med dei ulike forbunda sine retningsliner. Desse må gruppene som startar aktivitet sjølv kommunisere ut til sine trenarar og utøvarar.
Viss retningslinjene ikkje vert overhaldt, eller myndigheitene igjen kjem med strengare regelverk, vil aktivitet kunne bli stengt ned igjen.
Vi vonar all aktivitet blir praktisert med omhu, og at ein har både sportsleg og sosialt utbytte av treningane, sjølv med gjeldande begrensningar.
Vedlagt link til NIF si anbefaling vedrørande idrettsaktivitet
Med helsing Styret i IL Trio
v/Leiar Knut Prestnes