Ny hovudsamarbeidspartner for IL-Trio
– Vi er veldig glade for Haugesund Sparebank sitt engasjement for det vi held på med. Dette er ein avtale som skal koma heile vårt nedslagsfelt til gode i form av aktiviteten vi held på med, både det som går på sport og alt det andre, seier styreleiar Eskil Moen i IL Trio.
Fredag føremiddag var han og dagleg leiar i IL Trio, Rune Åsheim Mo, i møte med ansvarleg for vekst og relasjonar Martin Fauskanger og regionleiar Siren Simonnes i Haugesund Sparebank.
– Trio er det største idrettslaget her, og vi fekk kjapt god kjemi. Det er veldig gøy for oss å få lov til å vera med og leika med dei. Vi har store ambisjonar for vekst, og det har Trio også. Så dette samarbeidet passar som hand i hanske, seier Fauskanger.
Satsar
Haugesund Sparebank, som i fjor fusjonerte med Tysnes Sparebank, har i dag elleve kontor rundt om i regionen.
– Og vi satsar på Husnes, seier Simonnes og held fram:
– Det som er så kjekt med den fusjonen er at det blir satsa inn i regionen med store vekstambisjonar. Det er eit ultralokalt fokus og ein har ambisjonar om å engasjera seg i lokalmiljøet, noko denne avtalen er eit eksempel på. Vi vil visa at vi meiner alvor, og vil samtidig vera ein tydeleg samarbeidsaktør lokalt i dei kommunane vi er på plass i. Det synest eg det er kjekt å vera ein del av.
Haugesund Sparebank blir Trio sin hovudsponsor, men vil ikkje pryda drakta til herrelaget med det første. Dagens draktavtalar strekker seg nemleg ut 2027.
– Det kjem likevel til å vera tydeleg at vi er hovudsponsor for Trio, seier Fauskanger.
Engasjement
Saman skal partane jobba for å skapa møteplassar både for Trio sine medlemer og næringslivet, auka aktiviteten i laget og laga fleire arrangement.
– Vi treffer kvarandre godt i måtane vi tenker på. Eg kjenner at vi kjem til å få stor verdi av kvarandre, og er veldig takksam for at vi har landa dette. Dette blir veldig kjekt, seier Mo.
Særleg dette å samla bygda og skapa møteplassar for laget sine barn og unge er noko banken set pris på.
– Om fotballaget i klubben spelar i 2. divisjon eller 5. divisjon er ikkje det viktigaste for oss. Det viktigaste er at det er sikker drift i idrettslaget, som skapar aktivitet og tilbod til folk i alle aldrar, og at klubben er eit samlingspunkt som folk engasjerer seg i, seier Fauskanger og held fram:
– Vi ser kor mykje lojalitet, klubbkjensle og engasjement det er i dei forskjellige klubbane, og spesielt utanfor dei store byane. Det ser vi her også. Det er eit engasjement som gjer oss glade, og det er fantastisk å få oppleva og bli delaktige i.
Les mer om Haugesund Sparebank her: https://www.haugesund-sparebank.no/om-oss
Book time her: https://outlook.office.com/book/AvdHusnesHaugesundSparebank@haugesund-sparebank.no/?ismsaljsauthenabled

Fotograf: Marius Nissestad