Sterke prestasjonar av både Holmfridur Adalsteinsdottir og Kenneth Blom i helga. Førstnemnte i ultraløp (6-timars), og Blom’en i EM i triathlon.

Frida feira sågar norsk statsborgarskap med norsk rekord! Ho var i Stjørdal i Trøndelag og gjekk til topps i Hell Løpefestival. I 6-timars ultraløp sprang ho heile 78,41 km, og betra persen sin frå i fjor med 1,8 km. Dette er norsk rekord for kvinner i klasse 50-54 år, og tredje best av alle norske kvinner. I følge nettsida Ultra Marathon statistics er det faktisk beste tid i verda i år, men det er usikkert kor godt oppdatert denne oversikta er.

Løypa besto av ein runde på ca 1,2 km og Frida rakk 66 av sorten før dei 6 timane var omme. Det betyr ein kilometer-fart på rett over 4,5 minutt. For underteikna høyrest det hardbart nok ut i eit kvarter, men i 6 samfulle timar…?!?

Link til artikkel i Grenda.

Kenneth Blom har vore i Taragona i Spania og deltok i EM i triathlon. Her vart han nr 8 i sin klasse (menn 60-64 år) på sprintdistansen med tida 1.09.53. Totalt var det 51 deltakarar frå 11 ulike nasjonar i klassen. Kenneth var veldig nøgd med prestasjonen og synest både svømmedelen (750 meter) og sykkeldelen (20 km) var godt gjennomført, medan løpsetappen (5 km) var særleg sterk. Dagen etter var det så olympisk distanse (den doble lengda i alle disiplinar), og der vart Kenneth nr 14, med tida 2 timar og 27 minutt (28 minutt på svømming, 75 minutt på sykling og 44 minutt på 10 km løp). Det var sol og steikande varmt, med over 30 grader på løpeetappen.

Vi gratulerer begge med flotte prestasjonar, og minner om at 22.august skal Trio arrangere ultraløp på Husnes stadion, med 3-timars og 6-timars løp. Det blir stas!

Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner