5. div kvinner, Bergen Nord 2 – Trio 2-1 (0-1).

Damelaget, med snittalder 17,3 år i startoppstillinga, var svært nær ein meget stor prestasjon søndag ettermiddag i striregnet på Salhus utanfor Bergen. Hadde kampen vore 2 x 40min i staden for 45, så hadde det blitt full pott.

Vi var opp i mot eit Bergen Nord som hadde 4 strake sigrar og som med siger i dag ville innta tabelltoppen. Halve startoppstillinga var 4. divisjonsspelarar, der dei og kjempar om opprykk til 3. divisjon. Så dette var ei formidabel oppgåve for det unge Trio laget.

Gameplan var å visa heimelaget såpass med respekt at vi la oss lavt i presset for å stenga rom og satsa på overgangar. Dette viste seg å vera rett oppskrift. Heimelaget hadde mykje ball, mens vi kjørte raske kontringsangrep. Vi får uttelling like før det er spelt 10min, då Synna for andre helga på rad finn lengste kryss med eit langskot. Denne gongen på ein høg halvvolley som keeper ikkje klarer holde ute. Største sjansen til BN kjem etter halvtimen då dei etter klabb og babb etter corner får tildelt straffe. VAR ikkje på jobb, så ballen blir ubønnhørlig lagt på 11 meter. Wiktoria er ikkje snauare enn at ho reddar og slår ballen til corner til stor glede for dei andre i rødt. Omgangen sett under eitt har vi vel så mange store sjanser som heimelaget og både Leah og Annie er farlig frampå. Det BN har tar ei Wiktoria i storform seg av. Leiing til pause etter ein perfekt gjennomført omgang mot eit svært godt lag!

Andre omgang fortsett mykje i samme sporet, med eit endå større ballinnehav til BN og litt færre kontringar med trøkk i frå vår side. Wiktoria fortsett imidlertid storspelet i mål, og i forsvaret er spesielt midtstoppar Mariel “på jobb” og rydder unna i stor stil. Så, etter 80 minutt, kjem situasjonen som avgjer kampen langt på veg. Vi får eit gunstig brudd og går heilhjerta etter med 5-6 spelarar for å få mål nummer 2. Synna driv fram og kjem seg fri på venstre sida. Keeper vartar opp med ein strålande redning på skuddet som fort kunne gitt oss 2-0 ledelse og returen sprett rett til ein BN spelar. Dei kjører då kontring-på-kontring og får utligninga si på skudd via handa til Wiktoria. Kun minuttet etter går dei opp til 2-1 på eit godt langskudd i hjørnet. Ein fullt fortent siger etter spel og sjanser, men samtidig “ufortent” for Trio jentene som hadde gjort ein strålande kamp heile gjengen mot eit så sterkt lag – og som var så nær å punktera kampen like før utligninga. 1-2 tapet siste helg var noko av det svakaste vi har gjort, 1-2 tapet i dag var noko av det bedre vi har gjort! Meget bra jenter – unna dåke poeng i dag! Historie vart og skreven i dag, då Kristine og Cecilie Enæs Medhaug som mor og dotter spelte samtidig på laget siste kvarteret av oppgjeret.

Laget i dag: Wiktoria – Malin, Ingeborg, Mariel, Linnea – Cecilie, Selma, Synna, Ida, Annie – Sophie. Innb.: June, Leah, Kristine, Madel.

Neste kamp er heime mot NHHI kommande søndag.

Per Einar