G14: Moster-Trio2 2-5.
5 mann vekke i dag, 4 av dei i konfirmasjon. Men vi lånte inn Tristan i mål og var med det 11 mann på tur, noko som er nok når motstandaren er 9arlag. Men bratt start med Moster-scoring og Noah ut med skade i første speleminutt.

Ingen grunn til panikk. Vi hadde godt tak på det spelemessig og skapte haugevis med sjansar. Her var det berre å vera tålmodig. Klart størst var Elias med ein formidabel dobbelsjanse frå 3 meters hald, med ikkje tal om at den skulle inn. Først etter vel eit kvarter kom utlikninga då Vegar drog til på direkten frå 10 meter etter innlegg frå Mohammed. Klistra nede i hjørnet! Moster berre med eit frispark rett utanfor, medan vi hadde sjansar i bøtter og spann. Elias spelt heilt fri, men dommaren stoppa spelet for frispark til oss pga hands på ein Mosterspelar då ballen vart spelt gjennom. Då var det tungt å halde kjeft…

1-1 midtvegs, men det skulle no gå greitt, berre vi var tålmodige og nøyaktige. Keeper Tristan og midtbane William bytta plass, og Edvard kom inn for Håkon på backen. Det tok ikkje lang tid før vi var i føring. Tristan fann Mohammed på vingen, innlegg med utsida inn bak forsvaret og Elias runda keeper med ei kjapp tofotsdragning, før han trilla ballen i tomt mål.

1-3 kom midt i omgangen etter eit perleinnlegg frå Vegar, som Mohammed kunne dytte i tomt mål. 1-4 på corner frå Brage, som keeper slo i eige nett på første stolpe. Akkurat som Stig Inge Bjørnebye mot USA-keeper Brad Friedel på Ullevål i 1993, alle hugsar jo den.

Elias la på til 1-5 etter ein vegg med Vegar. Bår lynkjappe høgreving (Vegar altså) var kampens store spelar med scoring og to målgjevande. Pluss eit perlemål til med ei susande avslutning via tverrliggar etter eit strålande angrep, men som dommaren ganske uforståeleg anullerte for offside. I staden ei Moster-redusering på tampen, og sluttresultat 2-5 favør oss. Kunne vore ein god del meir, men samstundes ikkje ein veldig god kamp av oss. Mykje slurv i pasningsspelet. Vi må nok opp eit hakk neste helg, når vi har heimekamp mot både Fitjar og Trott.

Kampfakta frå Moster idrettsplass: Moster 9ar-Trio2 2-5 (1-1)
1-0 (1 minutt)
1-1 (17 minutt) Vegar Seljelid Joleik
1-2 (39 minutt) Elias Ulbi
1-3 (51 minutt) Mohammed Aljajan
1-4 (57 minutt) Brage Kvandal
1-5 (58 minutt) Elias Ulbi
2-5 (68 minutt)
Gult kort: Mohammed Aljajan.
Trio2 sitt lag: Tristan Thorkildsen Thorsen, Håkon Georg Røssland, Andre Nordøy, Noah Smith – Vegar Seljelid Joleik, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Mohammed Aljalan – Elias Ulbi – Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Brage Kvandal.

-Trenar Are Ulseth