Laurdag 7. september 2019 vil stå som ein merkedag for IL Trio Fotballgruppa. Då fekk ein det synlege bevis ovverrekt frå kretsen på at ein tilfredsstiller krava til Kvalitetsklubb Nivå 1 ihht NFF.

Markeringa var lagt til A-kampen mellom Trio og Bremnes på grasbanen. Då pausesignalet i kampen gjekk, var det storslagen innmarsj av alle laga i barne- og ungdomsfotballen i Trio inn på Husnes Stadion. Der fekk leiar i fotballgruppa, Kjell Magnar Eide, overrekt plansje og diplom som bevis på at klubben er blitt den første Kvalitetsklubben i Kvinnherad og nummer 22 i Hordaland krets. Anne Helene Vestbøstad frå styret i HFK stod for overrekkinga, saman med vår veiledar frå kretsen, Rolf Andre Rasmussen.

Deretter vanka det gratis is til både store og små. Flagga vaia, sola kom fram og det var godt med folk i anledning kampen og markeringa. Einaste som mangla var poeng i oppgjeret mot bømlingane, men dei vart for sterke denne dagen og reiste heim med ein 2-0 siger mot eit Trio lag i poengnaud.

Markeringa vart avslutta i Triohuset etter kampslutt, der konferansier Arne Torget loste oss gjennom ein kjekk seanse med god mat og drikke, dikt, talar og utmerkelsar. Rolf Andre Rasmussen skraut over prosessen Trio hadde hatt på veg mot sertifisering. Spesielt påpeika Rasmussen det faktum at Trio hadde utfordra kretsen undervegs og gjeve også dei verdfulle innspel som dei tek med seg vidare.
For dei som enno ikkje har lest seg opp i dokumentasjonen utarbeidd, ligg dette under fliken Fotball på heimesida til Trio.

For Fotballgruppa IL Trio
Per Einar Gjerding
Kvalitetsklubbansvarleg