J17, 1div Rogaland: Bremnes – Trio 0-1 (0-1).

16 jenter tok tirsdag turen til Bremnes for kamp på Olvondo Stadion i flott haustsol. Laget var supertent etter å ha blitt snytt for poeng i serieåpninga i Haugesund. Vi var enige om å prøva oss i eit ultrahøgt press i reinaste Bielsa (Leeds:-)) stil. Dette fungerte ekstremt godt og vi fekk tidleg svært gunstige gjenvinningar på Bremnes sin halvdel. På ein av desse vinn vi ballen heilt oppe på 16m etter 5m frå målvakt. Med denne noko ute av posisjon brukte Emma H høgrefoten ho har trent opp i heile år til å breisida ballen i hjørnet (Emma er veldig venstre:-)). Med unntak av nokon småslurvete involveringar i bakre rekker er resten av omgangen ei oppvisning av laget. Cecilie kom i gang etter ein noko trå start på høgrekanten og serverte og avslutta hyppig. Mangla litt på trøkk og presisjon i siste touch. Vi går til pause etter ein omgang med ei lav sol i ryggen, 1-0 ledelse og ei rekke med misbrukte 100% sjansar etter flott spel og prima utførelse av høgt press. Vi fekk og ein debutant i Annie Jørgensen som blei speleklar etter overgang frå Odda forrige helg. Ho var frisk og klarte seg godt med i eit nytt lag.

Emma blei Matchvinnar med “godfoten” på Bremnes!

Andre omgang fortona seg på samme vis. Jentene er flinke å roa ned og bruke ball innad i laget når dei bør gjere det. Og vi produserer sjansar på løpande band. Det var nesten utrulig at det ikkje blei fleire mål. Ein kombinasjon av ein god Bremnes keeper og litt for svake avslutningar frå vår side bidrog til dette. Det vi skal ta med oss er likevel måten vi spelar oss fram og antallet sjansar vi skapar. Det var rett og slett imponerande! Ein solid lagsiger der alle leverte så det holdt!

Linnea med solid kamp på venstre backen mot Bremnes

Sigeren vart feira med først å heia G19-laget inn til 6-2 mot Stord, før begge laga unna seg litt feiring på “Maccaren” på Heiane før retur.

Laget i dag: Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, Selma, Synna, Ida, Emma H, Julie, Annie J., June, Astrid, Emma S., Mia.

No skal det bli kjekt med heimekamp – og første sjanse er mot sterke Nord neste torsdag (10/9).

Kristine, Stig, Per Einar.