J15, 1. div Rogaland, Bremnes – Trio 0-1 (0-0).

Jentene tok mandag kveld turen til Bømlo for tøff bortekamp mot Bremnes på Finnås sin bane på Våge. Bremnes tok i mot oss med fullt lag med 14 stk 15-åringar som var gira på å revansjera tapet frå Husnes i vår. Tøft og jevnt vart det, i ein svært god fotballkamp med masse duellar, godt forsvarsspel og ein del godt angrepsspel og målsjansar.

Kampplan var høgt press frå start, med ein ide om å legga oss lavare inn mot pause for å disponera litt energi. Vi snakka om viktigheten av å knalla til i duellane og det gjorde jentene til gagns. Sjeldan har vi sett ein jente-kamp som har hatt meir gode fysiske duellar – og dommaren la lista passe høgt og tillot heldigvis dette frå begge lag. Gradvis utover omgangen overtek vi meir og meir og skapar 4-5 100% sjansar utan å få uttelling. Bremnes skapar ingenting framover i første omgang, takka vere eit meget godt forsvarsspel av heile laget og betong i midten bak med Ariana og Ingeborg i storslag.
I pausen vanka det mykje skryt for ein flott gjennomført omgang. Det handla om å fortsetta i samme sporet så ville uttellinga komma.

Julie prøvte seg litt etter 6 vekers sjukdom og viste kva som bur i ho. Det siste mangla imidlertid, det blei bare nesten for Julie i dag på 3 innhopp på 10-12 minutt kvar. Andre omgang er ganske lik som første. Mykje duellar og eit Trio lag som skapar mest. Etter eit drøyt kvarter av andre omgang tok ei god Ida ansvar og etter flotte kombinasjonar med Cecilie og Malene sklir ho til slutt gjennom i midten og sett ballen kontrollert i hjørnet til høgre for målvakt. Flott mål. Like etter eit endå flottare angrep. Til slutt kjem Cecilie til linja og legg ut til ei møtande Malene som knallar ballen i tverrliggar. Mønsterangrep som hadde fortent nettsus! Eit hardtarbeidande Trio lag kontrollerer inn sigeren mot slutten, uten at Bremnes skapar all verden mot eit svært godt Trio lag defensivt. Dermed ein svært fortent Trio siger og tabelltopp for jentene inntil vidare.
Ein fantastisk laginnsats som blei lagt for dagen i dag, der dei fleste var opp mot sitt aller beste. Halsnøy jentene Ida og Malin viste stor glede over gratis Halsnøy tunell forrige veke og klinte til med storspel. Ida matchvinnar i tillegg og Malin med sin beste kamp i rød drakt til dato. Heile forsvarsrekka imponerte med kloke valg og tøft duellspel, skulle tru dei hadde spelt fotball i 15 år! Vi fanga opp kommentarar frå Bremnes trenarane at dette var beste kampen dei hadde spelt på lang tid, så det får vi ta til oss når vi var bedre:-)
Neste kamp er nok ein bortekamp, torsdag neste veke mot Djerv 1919. Nok ein tøff utfordring, samme dyst enda 1-1 i vår.

Laget i dag:
Jenny, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Malin, Malene, Julie og Annie.

Kristine, Stig og Per Einar:-)